Nyheter

Regjeringa foreslår kutt i dagpengeordninga

STATSBUDSJETT: Regjeringa foreslår å redusere oppteningsperioden på dagpengar frå tre til eitt år. Det betyr ei innsparing på 200 millionar kroner neste år.

Ifølgje forslaget til statsbudsjett vil innsparinga bli større på sikt.

Regjeringa foreslår også å tilpasse nivået på arbeidsmarknadstiltak, noko som vil kutte utgiftene med rundt 700 millionar kroner.

Raudt reagerer på kuttet i dagpengeordninga.

– Regjeringa oppfører seg som ei Høgre-regjering når dei foreslår å kutte i dagpengane for arbeidsledige med 200 millionar neste år, og meir på sikt. Dette kuttet i det felles sikringsnettet vårt må stansast før budsjettet trer i kraft. Vi må få bukt med arbeidsløysa, ikkje dei arbeidsledige, seier finanspolitisk talsperson Marie Sneve Martinussen i Raudt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter