Kallar inn Mehl om såra ukrainske soldater
KRIGEN I UKRAINA: Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) må orientere Stortinget om kvifor Norge framleis ikkje har klart å hente ut skadde ukrainske soldater, krev Høgre.
SÅRA: Justisminister Emilie Enger Mehl (sp) må svare for tidsbruken. Ho har framleis ikkje svart på førespurnadar om å hente såra ukrainske soldatar til Norge. Foto: Terje Pedersen / NTB
Terje Pedersen/NTB
Det er pinleg at Støre-regjeringa ikkje har klart å følgje opp betre, meiner Høgres justispolitiske talsmann Sveinung Stensland.
Vårt Land fortalde for to veker sidan at Støre-regjeringa ved justisminister Mehl har fått fire førespurnadar frå Ukraina:
«Norge mottok 23. april, 5., 7. og 10. mai bistandsanmodninger gjennom EUs ordning for sivil beredskap om å tilby medisinsk evakuering av skadede ukrainske soldater», opplyste justisministeren i eit skriftleg svar til Stortinget.
Bestill abonnement her
KJØP