Nyheter

Ber Norge evakuere såra ukrainske soldatar

KRIGEN I UKRAINA: Norge evakuerer ukrainske pasientar. No blir regjeringa bedt om å evakuere såra ukrainske soldatar. – Vi må svare ja, meiner Venstre-leiar Guri Melby.

SOLDAT

«Spørsmålet om hvorvidt Norge skal tilby medisinsk evakuering av skadede ukrainske soldater, er til vurdering», opplyser justisminister Emilie Mehl (Sp) i eit skriftleg svar til Stortinget.

Justisministeren skriv at Noreg har fått fire førespurnadar:

«Norge mottok 23. april, 5., 7. og 10. mai bistandsanmodninger gjennom EUs ordning for sivil beredskap om å tilby medisinsk evakuering av skadede ukrainske soldater».

Venstre: Svar ja

Venstre-leiar Guri Melby, som tok evakuering av skadde ukrainske soldater opp med Mehl i eit skriftleg spørsmål, er sikker i sak:

«Jeg mener Norge bør hjelpe Ukraina på flere ulike måter», skriv ho i ei tekstmelding til Vårt Land.

«Det ukrainske helsevesenet er svært presset nå, mens norsk helsepersonell er i stand til å gi svært god medisinsk oppfølging til en gruppe skadde ukrainske soldater. Det er flott at justisministeren bekrefter at regjeringen nå vurdere dette, men jeg håper det snart foreligger et konkret svar. Ukrainske myndigheter har bedt Norge ta i mot skadde soldater hele fire ganger på svært kort tid, og da mener jeg vi bør stille opp», melder Melby.

Justisdepartementet opplyser til Vårt Land at alt dei kan seie er at førespurnadane er til vurdering.

Norge må unngå å bli en frihavn for russiske skip, sier Venstre-leder Guri Melby. Foto: Terje Pedersen / NTB

Polen behandlar soldatar

Polens statsminister Mateusz Morawiecki opplyste i april, til fleire medium, at landet tek imot såra ukrainske soldatar.

Euractiv skriv at 120 helseinstitusjonar har gjort klar 7.000 sjukehussenger for soldatar frå nabolandet, og at eit spesialtog vil frakte såra soldatar frå Ukraina til Polen.

Reuters melder at statsminister Morawiecki har sagt at Polen kan ta så mange som 10.000 skadde soldatar.

Ukrainske myndigheter har bedt Norge ta i mot skadde soldater hele fire ganger på svært kort tid, og da mener jeg vi bør stille opp

—  Guri Melby, leiar i Venstre

Hentar pasientar

Ei eventuelle evakuering av såra ukrainske soldatar kan skje med det norske ambulanseflyet som inngår i EUs ordning for sivil beredskap, Union Civil Protection Mechanism (UCPM).

I 2020 signerte Norge ein eigen avtale med EU om å etablere og drifte eit ambulansefly for pasientar med alvorlege smittsame sjukdomar. Tenesta er organisert gjennom UCPM.

Flyet, med norsk mannskap, blei operativt på vegner av EU 1. mars i år. Første oppdrag var å evakuere ukrainske pasientar frå Polen til Norge.

Støre-regjeringa har sagt ja til å hente inntil 550 ukrainske pasientar med pårørande, som er blitt evakuerte til Moldova.

Justisminister Mehl opplyser at per 10. mai har Norge henta 18 ukrainske pasientar til landet.

Døde soldatar

Sidan Russland gjekk til åtak på nabolandet Ukraina 24. februar, har president Volodymyr Zelenskyj evna å mobilisere store ukrainske styrkar, som står opp mot den russiske invasjonshæren.

Men krigen kostar Ukraina dyrt.

Nasjonalgarden har mista 560 soldatar sidan 24. februar, og nesten 1.700 soldatar er såra, opplyser sjefen for den militære styrken, Oleksiy Nadtochy. Det er nyhendebyrået AFP som siterer Nadtochy.

Sidan krigen starta for snart tre månader sidan har begge sider, Ukraina og Russland, vore varsame med å gje opp tal på døde og såra soldatar.

eu

Minst 10.000 såra

AFP skriv at midt i april opplyste president Zelenskyj at mellom 2.500 og 3.000 ukrainske soldatar var døde, og at kring 10.000 var såra, og at det var vanskeleg seie noko om kor mange av desse som ville overleve.

I det utbomba Azovstal-stålverket i Mariupol er det mange såra ukrainske soldatar. Tyrkia har tilbode seg å evakuere dei sjøvegen.

---

Ukraina-krigen

  • 24. februar invaderte Russland Ukraina
  • Ingen ukrainske menn mellom 18 og 60 år får reise frå landet, dei blir innrullerte i forsvaret og må kjempe mot russiske styrkar.

---

EU betalar

Det norske ambulanseflyet inngår i EUs beredskapspool kalla rescEU. Poolen skal gje Europa høve til å «respondere raskere på alvorlige hendelser som overstiger nasjonal håndteringsevne», fortel Helsedepartementet.

Ambulanseflyavtalen med EU strekkjer seg til 2026, og EU dekkjer kostnadane. Når flyet ikkje er på vengene for EU, flyg det for Norges luftambulanseteneste.

Fly frå Moldova

Regjeringa sa tidlegare i vår at Norge vil hente 2.500 ukrainske flyktningar som oppheld seg i Moldova. Desse kjem i tillegg til dei 550 pasientane.

20. mai skal det første flyktningflyet lande i Norge, melder FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter