Nyheter

Amnesty: – Bør tenkje seg om før ein støttar regime som skyt for å drepe

PROBLEMATISK: Menneskerettsekspertar kallar Kasakhstan eit gjennomkorrupt land, og samanliknar norsk PR-støtte til regimet med sportsvasking i Qatar.

– Dei som jobbar for ein stat der presidenten beordrar vaktene sine til å skyte for å drepe på demonstrantar, bør stoppe og tenkje på kva dei støttar og kva regime dei byggjer opp om, seier John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International Norge.

Uttalen kjem etter at presidenten i Kasakhstan, Kassym-Jomart Tokajev, førre veke heldt ei tv-overført tale der han seier at han har gjeve ordre til landets tryggleiksstyrkar om å skyte for å drepe, og at dei som ikkje overgjev seg vil bli ‘eliminert’.

Hadde regimet på kundelista

Vårt Land skreiv måndag om at det norske PR- byrået Geelmuyden Kiese (GK) har hatt regimet i Kasakhstan på kundelista si i 2020 og 2021.

Budskapet frå Egenæs «står for Amnestys regning», ifølge Marit Høvik Hartmann, managing partner i byrået.

– Vårt engasjement var avslutta før dei triste hendingene fann stad, skriv ho i ein e-post til Vårt Land.

Byrået har blant anna laga eit 24 sider stort PR-magasin, der det sentralasiatiske landet blir framstilt som ein «nasjonalstat preget av stabilitet og nasjonal enhet». Geelmuyden Kiese har fjerna Kasakhstan frå si kundeliste etter at Vårt Land først omtalte saka.

I dette magasinet finn ein også ein kronikk frå Kjell Magne Bondevik, som tidlegare har vore publisert i Vårt Land. Det viser seg at Bondevik også fekk betalt for å skrive den kronikken, og for å delta på i eit webinar i samband med landets markering av 30 år som sjølvstendig stat.

Kasakhstanske styresmakter hevdar på si side at det dei aksjonerer mot ikkje er fredelege demonstrantar, men kriminelle og terroristar. Dei seier at demonstrasjonane er blitt tekne over av islamistiske terroristar med trening i utlandet, og at det no går føre seg ein antiterroraksjon.

— Vanleg å bruke pengar på omdøme

Egenæs i Amnesty trekkjer samanlikninga til sportsvasking. Omgrepet har blitt mykje brukt om Qatar, som gjennom å arrangere fotball-VM har brukt pengesummar tilsvarande nesten heile det norske statsbudsjettet for å framstille landet som attraktivt for vestlege turistar og investorar.

At autoritære regime er villig til å bruke mykje pengar for å kjøpe eit betre omdøme, er vanleg, seier Egenæs.

– Vår oppfordring er å tenkje nøye gjennom kva statar ein tek oppdrag for. Særleg når oppdraget er å framstille statar som noko dei ikkje er.

Kasakhstan

– Eit gjennomkorrupt regime

Seniorrådgjevar Ivar Dale i Helsingforskomiteen har nær kjennskap til Kasakhstan, og har sjølv budd i landet i fleire år. Han kallar det eit autoritært og gjennomkorrupt regime.

– Det er i og for seg legitimt for eit PR-byrå å hjelpe eit land å tiltrekke seg investeringar. Men i dette tilfellet er det snakk om investeringar som aldri når fram til befolkninga. Regimet i Kasakhstan har nytta sin posisjon til å gjere seg enormt rike på befolkninga sin kostnad.

Han viser blant anna til korleis døtrene til landsfader og tidlegare president Nursultan Nazarbajev sit på enormt kostbare eigedomar i Sveits og London.

Fleire av dei som har forsvart Kasakhstan tidlegare har vist til at landet fungerer som ein stabiliserande faktor i ein ustabil region. Det er ei forteljing som no slår sprekker, meiner Dale.

– Det viser seg at denne stabiliteten er hol. Det er ein stabilitet som er bygd på eit autoritært regime og ein vanvitig korrupsjon.

Den kasakhstanske presidenten, Tokajev, har i etterkant komme noko av denne kritikken i møte i ei videotale til nasjonalforsamlinga. Der klaga Tokajev sin forgjengar, Nazarbajev, for å ha skapt «eit sjikt av velståande personar, sjølv etter internasjonal standard» under hans tid ved makta, skriv NTB.

NTB skriv at kritikken Tokajev rettar mot sin forgjengar gjev mistanke om at det går føre seg ein maktkamp i den politiske eliten i landet, og at opptøyane kan ha ein samanheng med dette.

Ivar Dale

– Pinleg for dei som har lovprisa Nazarbajev

Ivar Dale meiner det som no skjer i Kasakhstan set både Geelmuyden Kiese og andre som har snakka fram regimet, i eit dårleg lys.

– Når det gjeld land som Kasakhstan, må ein vere varsam så ein ikkje let seg bruke i propaganda. Det gjeld politikarar, forretningsfolk og oss frå sivilsamfunnet, seier Dale.

Han oppmodar til å vere merksame på at ein lett kan brukast til å skape eit falskt glansbilde.

– Dette er pinleg for dei som har tidlegare har lovprisa Nazarbajev. Dei har vore med på å skryte opp eit forferdeleg korrupt regime.

– Ga råd om «internasjonalt ordkskifte»

Slik svarar Geelmuyden Kiese på kritikken frå Helsingforskomiteen:

– Vi har ei grunnleggande tru på dialog, både innad i eit land og mellom land. GK ga Kasakhstan råd om korleis dei kunne delta i det internasjonale ordskiftet, skriv Hartmann i GK i e-post til Vårt Land.

---

  • Kasakhstan fekk sjølvstende etter Sovjetunionens fall i 1991, men har sidan vore ein viktig russisk alliert.
  • Nursultan Nazarbajev var landet første president. Han sat i nærare 30 år, før han gjekk av i 2019. Han valde sjølv sin etterkomar, Kassym-Jomart Tokajev.
  • Tokajev har vunne dei etterfølgjande vala, som internasjonale valobservatørar meiner har vore prega av omfattande valfusk og mangel på ytringsfridom.
  • Ytrings- og forsamlingsfridom er sterkt avgrensa, og fleire medlemmar av opposisjonen har blitt fengsla.
  • Landet har Sentral-Asias største økonomi, men blei hardt ramma av eit fall i oljeprisen i 2014.
  • Det bur i overkant av 17 millionar innbyggjarar i landet. Kasakhstanarane utgjer nærare 70 prosent av befolkninga (2020). Historisk sett har landet hatt ein stor russisk minoritet.

Kjelder: AFP/FN/NTB

---

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter