– På søndag byrja forhandlingane klokka ni, men så kom kyrkjetida. Det er ikkje alltid det bryt inn i Arbeidarpartiet sitt liv, men for meg gjorde det.
Det var på prateprogrammet Lindmo på NRK denne veka at Jonas Gahr fortalde om dette.
Drygt to veker tok det for regjeringspartia å komme til einig om eit statsbudsjett for 2021. Siste innspurt skal ha vart godt inn i nattetimane på søndag, men likevel tok altså statsministeren seg tid til å eit avbrekk på føremiddagen for å høyre kona Marit Slagsvold preike i Uranienborg kyrkje.
– Det var første søndag i advent og kyrkja var heilt full. Og der såg eg jammen at litt lenger borte sat Trygve og, sa Støre til programleiar Anne Lindmo.
– Vi fekk med oss gode ord frå kyrkja, og så løyste vi saka.
[ Slik løste de harde budsjett-floker: SV er nå sikre på tøffere utslippskutt ]

Heilag vreide
Teksten det vart preika over denne søndagen var Mattheus 21,10–17, og presten valde ifølgje Støre å fokusere på forteljinga om Jesus som reiv ned borda til pengevekslarane på tempelplassen.
– Det var det sitatet kor Jesus kom inn på plassen i Jerusalem og der ser han at det sit pengevekslarane og dueseljarar, og han velter borda. Han blir rasande. Så bodskapen til presten at det er lov å bli rasande, det er menneskeleg, sa statsministeren.
Han fortel at dette var noko han tok med seg tilbake til dei vidare forhandlingane med SV-leiar Audun Lysbakken.
– Når det drog seg litt til, så sa eg at det er lov å bli rasande dersom ein blir engasjert i noko.
– Tok du med litt heilag vreide frå gudstenesta, ville programleiar Lindmo vete.
– Eg tok med meg ei forsonande haldning om at det er lov å vere engasjert og litt heilag vreid. Det treng ikkje vere så heilagt heller, eigentleg, svara Støre til latter frå salen.
[ Åste Dokka: Til avhjelpelse av den kristne ensomhet ]

Ordinert i haust
Kona til Støre, Marit Slagsvold, har tidlegare vore gestaltterapeut, men har det siste tida teke etterutdanning på MF, og i september i år vart ho ordinert til prest i Uranienborg kyrkje. Slagsvold har ikkje gjennomført ei full teologiutdanning, men har i staden teke den sokalla «profetvegen» der hennar utdanning og røynsle blir godkjend som kvalifiserande til presteteneste, og ho har teke berre eit kortare praktisk-teologisk løp på MF.
Det var Oslo-biskop Kari Veiteberg som stod for ordinasjonen av Slagsvold.
– Det at ho med sin kompetanse kjem inn og gjer teneste som prest, gjer jo dette til ein gledesdag, sa biskopen til Vårt Land etter ordinasjonen.