Over 1.700 medlemmer har meldt seg ut av Den norske kyrkja etter Kyrkjemøtet sitt oljevedtak førre veke. I vedtaket støttar Kyrkjemøtet ei tilråding om stans i oljeleiting på norsk sokkel.
Biskop i Tunsberg, Jan Otto Myrseth, seier til Vårt Land at dette er «bekymringsfullt og trist». Han peiker på medium som Vårt Land som ein grunn til medlemsraset:
– Eg trur mange er blitt offer for ein tendensiøs mediedekning, som eg beklagar at Vårt Land også bidreg til. Den slagordsmessige tolkinga av vedtaket held ikkje vatn.

Peiker på media og politikarar
Kyrkjemøtet er det øvste demokratiske organ i Den norske kyrkja (DNK).
Olje-vedtaket vart fatta med 103 mot to stemmer, og seier at Den norske kyrkja vil: «Be den norske regjeringen lytte til anbefalingen fra IEA`s rapport ‘NetZero by 2050 A Roadmap for the Global Energy Sector, May 2021′ om å stanse ytterligere leteaktivitet etter olje og gass på norsk sokkel».
Jan Otto Myrseth meiner det er blitt for mykje merksemd rundt denne formuleringa i media.
– Ein heng seg opp i éi setning og utelét det som er hovudpoenget i vedtaket. Det viktigaste er at me i DNK vil jobba for å redusera eigne utslepp. Så kjem eit punkt om at kyrkja må vera ei stemme i samfunnsdebatten.
– Så du tenker at mange av utmeldingane kjem på grunn av mediedekninga, og ikkje vedtaket i seg sjølv?
– Ja. Det, saman med enkelte politikarar sine ugrunna og lite gjennomtenkte tolkingar av vedtaket.
– Kven tenker du på?
– Det veit alle som har følgt med i debatten, det treng eg ikkje kommentera.
[ Høyre-topp ut mot Kirkemøtets olje-vedtak: – Finner ikke holdepunkt i Bibelen for dette ]
Kritikk på «sviktande grunnlag»
Olje-vedtaket til Den norske kyrkja har hausta kritikk frå høgresida, mellom anna frå Sylvi Listhaug i Frp og Sveinung Stensland i Høgre.

Andre stemmer, som Ap-veteran og medlem i Kirkerådet, Tove Karoline Knutsen, seier vedtaket er uproblematisk for henne.
Noko av kritikken møtte biskop Jan Otto Myrseth på under bispevisitas til Kongsberg torsdag denne veka.
Under ein kulturkveld heldt bonde Dag Fossen eit innlegg, der han åtvara mot at vedtaket kan svekka Den norske kyrkja på bygda. Dag Fossen meiner oljeindustrien står sterkare på bygda.
– Korleis opplevde du innlegget til Dag Fossen?
– Det var tydelege og engasjerte meldingar frå ein kar som er oppteken av kyrkje og lokalsamfunn. Samstundes tenker eg at ein kulturkveld med kåseri og korsong, ikkje var den mest naturlege plassen å gå inn i ein debatt om kyrkje og politikk. Eg var ikkje førebudd på at det skulle koma, seier Myrseth.
– Dag Fossen er uroa for at oljevedtaket kan svekka DNK sin tillit på bygda. Deler du hans uro?
– Nei. Både hans og andre sine kommentarar baserer seg på eit sviktande grunnlag. Det er totalt feilslått å seie at me tek parti mot oljeindustrien i det vedtaket, seier Myrseth.
Biskopen understrekar at oljeindustrien har viktig kompetanse som bør brukast for å få til det grøne skiftet.

– Me kan ikkje teia om klimarettferd
Oljeleiting var eit av tema i valkampen før stortingsvalet.
Eit fleirtal av norske veljarar stemte for parti som vil halda fram med leiting: Ap, Sp, Høgre og Frp. Desse partia har no 133 av 169 representantar i Stortinget.
– Er det lurt av kyrkja å ta ein aktiv minoritetsposisjon i ei slik politisk sak?
– Me baserer oss på tilrådingar frå leiande organisasjonar som Det internasjonale energibyrået IEA. Om me som kyrkje ikkje skal kunne formana norske politikarar om å ta omsyn til så tydelege meldingar, då ville me ha svikta. Det hadde vore oppsiktsvekkande om me ikkje uttala oss om vår største globale krise. Me kan ikkje teia om klimarettferd, der me i vår del av verda forbruker for mykje og slepp ut for mykje CO₂, seier Myrseth.
[ Berit Aalborg: Når politikere vil styre kirkens meninger ]