Nyheter

Fryktar olje-vedtak kan skada Den norske kyrkja på bygda

BISPEVISITT: Under bispevisitas kjem bonde Dag Fossen med sviande kritikk mot Den norske kyrkjas vedtak om stans i oljeleiting. – Mange kyrkjegjengarar i utkant-Noreg reagerer, seier han.

Det har vekt reaksjonar at det øvste organet i Den norske kyrkja ber Noreg stansa vidare leiting etter olje og gass.

I kveld får Tunsberg-biskop Jan Otto Myrseth kritikken rett i fanget, under bispevisitas til Hedenstad menighetshus ved Kongsberg.

Her skal Dag Fossen halda eit innlegg for biskopen om kyrkja sitt forhold til bygdesamfunn. Han åtvarar mot at olje-vedtaket kan skada tilliten til kyrkja, ikkje minst blant folk som bur på bygda.

Kyrkjemøtet er med på å legitimera den amerikanske måten å blanda politikk og religion på.

—  Dag Fossen

Dag Fossen er mangeårig lokalpolitikar for Sp og samfunnsdebattant. Han har hatt toppverv i Felleskjøpet og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Meiner støtta til oljeindustrien er stor på bygda

– Mange kyrkjegjengarar i Utkant-Noreg reagerer på dette olje-vedtaket. Støtta til oljeindustrien er mykje større på bygda. Dei som bur i byen, forstår ikkje kva me lever av i Noreg, seier Dag Fossen til Vårt Land i forkant av møtet med biskopen.

Fossen fryktar at Kyrkjemøtet sitt oljevedtak kan skada kyrkja, og føra til ei «amerikanisering» av religion og politikk.

– Kva legg du i omgrepet «amerikanisering»?

– Når Kyrkjemøtet vel å gjera dette, er dei med på å legitimera den amerikanske måten å blanda politikk og religion på. Det fører ikkje noko positivt med seg.

Det var tysdag førre veke at Kyrkjemøtet vedtok å oppfordre til å stansa ytterlegare leiteaktivitet etter olje og gass på norsk sokkel.

Fossen meiner det hadde vore betre om Kyrkjemøtet bad kyrkjelydane om å engasjera seg i klima- og miljøspørsmål.

– Så kan vanlege kyrkjegjengarar engasjera seg slik dei meiner er best, og jobba for å påverka dei partia dei støttar, seier han.

«Vi trenger ikke mer splittelse»

I innlegget, som Vårt Land har fått tilgang til, skriv Fossen at kyrkja er av natur konservativ, og at endringar må skje med omtanke og respekt for dei lange liner.

Bispemøtet 2021

Han held fram:

«Jeg synes derfor ikke noe om at kirken tar stilling til oljeboring, innvandring, eller andre klare politiske saker. Til dette har vi politiske partier. En må kunne ta fram skriftens ord om skapelsesverket og den enkeltes sosiale ansvar, på en slik måte at folk selv kan trekke konklusjonen i politiske saker. Vi trenger ikke mer splittelse, men det motsatte.»

Innlegget blir halde på Hedenstad menighetshus, der biskop Jan Otto Myrseth kjem.

Denne kulturkvelden er ein post på programmet i høve bispevisitas til Kongsberg og Sandsvær frå 21. til 28. november.

Saknar kritikk frå Sp og Ap

På Stortinget er det i dag breitt fleirtal for å halda fram med olje- og gassleiting. Verken Ap, Sp, Høgre eller Frp gjekk til val på å stansa leiteaktiviteten. Desse partia har no 133 av 169 representantar i Stortinget.

Olje-vedtaket til Den norske kyrkja har hausta kritikk frå høgresida, mellom anna frå Sylvi Listhaug i Frp og Sveinung Stensland i Høgre.

Dag Fossen saknar kritiske stemmer frå den nye Støre-regjeringa.

– Eg lurer på kor politikarane i Sp og Ap er i denne saka. Eg ser politikarar som eg til vanleg ikkje identifiserer eg med, ta til motmæle mot dette vedtaket.

1.700 melde seg ut på ei veke

Det var tysdag førre veke at Kyrkjemøtet vedtok å oppfordre til å stansa ytterlegare leiteaktivitet etter olje og gass på norsk sokkel. Kyrkjemøtet er det øvste demokratiske organ i Den norske kyrkja.

r

Vedtaket vart fatta med 103 mot to stemmer og seier at Den norske kyrkja vil: «be den norske regjeringen lytte til anbefalingen fra IEA`s rapport NetZero by 2050 A Roadmap for the Global Energy Sector, May 2021 om å stanse ytterligere leteaktivitet etter olje og gass på norsk sokkel».

I veka etter vedtaket har over 1.700 meldt seg ut av Den norske kyrkja.

Preses Olav Fykse Tveit sa dette til Vårt Land, som først omtala desse tala:

«Det er naturlig at vedtaket som ble fattet på Kirkemøtet avstedkommer noen reaksjoner av denne typen. Samtidig er det viktig for oss å være tydelige på at kirken ikke ser på dem som jobber i petroleumssektoren i Norge som et problem. De gjør en svært stor innsats for verdiskaping for det norske samfunnet.»

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter