Nyheter

Sian tek på seg ansvar for dette banneret – kan bli etterforska for hatkrim

HATKRIM: Politiet klarte ikkje å finna ut kven som hengde opp «jihad-banner» i Oslo. I intervju med Vårt Land tek Sian-leiar på seg ansvaret. Organisasjonen kan no på ny bli etterforska for hatkriminalitet.

I vår vart eit banner med påskrifta «Oslo jihadsenter» hengt opp på ein eigedom i Groruddalen. Bygget er eigd av ein kontroversiell muslimsk organisasjon.

Saka vart meld til politiet, som i oktober la bort saka.

Det skjedde sjølv om den islamfiendtlege organisasjonen Sian gjekk langt i å ta på seg ansvaret for banneret i media og på eiga heimeside. Sian står for «Stopp islamiseringen av Norge».

Ja, det var oss. Eg hugsar ikkje kor mange me var, me var to eller tre personar frå Sian.

—  Lars Thorsen, leiar i Sian

No seier leiaren for Sian i eit intervju med Vårt Land at han var med å henga opp banneret.

Politiet seier dei kan koma til å ta opp igjen saka, om det kjem fram ny informasjon om kven som stod bak. Saka har blitt etterforska som hatkriminalitet.

Sian-leiar: – Eg var med

Når Vårt Land først kontaktar Sian-leiar Lars Thorsen om saka, seier han at ingen i organisasjonen er blitt avhøyrt.

– Var det de i Sian som hengde opp banneret?

– Ja, det var oss. Eg hugsar ikkje kor mange me var, me var to eller tre personar frå Sian. Eg var med. Me gjorde det tidleg på morgonen, eg trur det var søndag 2. mai.

Foto: Heiko Junge / NTB

Thorsen fortel vidare at det var enkelt å henga opp banneret, og at dei festa det ved å skru inn skruar av typen farmarskrue inn i ei stålplate.

– Den stålplata me festa banneret til, hadde allereie mange hol. Me dreiv ikkje hærverk, seier han.

Meiner banneret er ei ytring

Bygget det er snakk om er kjøpt av den kontroversielle muslimske organisasjonen Islam Net. Målet deira var å gjera bygget om til eit ungdomssenter.

Det var Filter nyheter som avslørte at Islam Net stod bak kjøpet.

Lars Thorsen seier Sian hengde opp banneret som «ei politisk ytring».

– Me meiner Islam Net ikkje betrar integreringa når dei lager eit sånt senter. Dei hindrar ei fornorsking av muslimske ungdommar, seier Lars Thorsen.

Med bakgrunn i motivet på banneret er saka etterforska som hatkriminalitet, som er høgt prioritert av politiet.

—  Marianne Aune, politiadvokat i Oslo politidistrikt

Han meiner Sian ikkje har gjort noko ulovleg.

– Eg skjønar at Islam Net misliker det me gjer, men det er ei ytring. Me dreiv ikkje hærverk. For at politiet skal straffa nokon, må det ha skjedd hærverk.

Politiet har etterforska saka som hatkrim

Politiadvokat Marianne Aune i Oslo politidistrikt seier dei er interessert i nye opplysingar som gjer at saka kan bli teken opp igjen.

– Om det dukkar opp nye bevis rundt kven som er gjerningsperson, er det naturlege neste steg å ta opp igjen saka, seier Aune.

Banneret med påskrifta «Oslo jihadsenter» kan bli klassifisert som hatkrim, opplyser politiadvokaten.

– Reint objektivt er det snakk om skadeverk. Med bakgrunn i motivet på banneret er saka etterforska som hatkriminalitet, som er høgt prioritert av politiet.

Sidan saka er etterforska som hatkrim, kan den koma i kategorien grovt skadeverk. Det har strafferamme bot eller fengsel inntil seks år.

Tok på seg ansvaret i fleire artiklar

Det var stiftinga Iman Aktivitetssenter som melde saka til politiet.

5. oktober la politiet bort saka. I vedtaket står det at saka er bortlagt etter bevisets stilling, der politiet ikkje kan føra bevis for kven som er gjerningspersonen bak skadeverket.

e

Dette skjer sjølv om Sian i fleire forum har gått langt i å ta ansvaret for jihad-banneret:

  • Rett etter banneret vart hengt opp, la Sian ut eit innlegg på eiga heimeside med tittel «Jihadsenter nei takk», med bilde av banneret.
  • I eit intervju med Vårt Land støtta Lars Thorsen banneret og kalla det «et høyst fredelig og demokratisk virkemiddel».
  • I eit intervju med den omstridde ytre-høgre nettstaden Resett svarar Lars Thorsen direkte på spørsmålet «Hvorfor har dere gjort dette?». Han svara mellom anna: «Vi gjorde det for å sette fokus på hva de gode muslimene er i ferd med å gjøre mot landet vårt».

Politiet: Me har etterforska saka grundig

– Me var ikkje kjend med desse artiklane i Vårt Land og Resett, seier politiadvokat Marianne Aune.

– Ville desse artiklane kunne endra noko?

– Me måtte i så fall gjennomgå innhaldet i artiklane og sjå om det kan knyta mistenkte opp til skadeverket.

– Kor god jobb har politiet gjort i denne saka?

– Me har etterforska saka grundig. Me er ikkje kjend med at det er vitne til hendinga, og me har ikkje funne videoovervaking på staden.

Både Sian og Lars Thorsen har vore mistenkt i saka. Politiet har kalla Lars Thorsen inn til avhøyr, men han ville ikkje forklara seg, ifølgje politiet.

– Det er ein rett ein har, at ein ikkje treng inkriminera seg sjølv. Det er politiets oppgåve å føra bevis, og beviskravet i straffesaker er strengt, seier Aune.

Å inkriminera tyder å gje opplysningar som provar at nokon er skuldig i ei forbryting, ifølgje Bokmålsordboka.

Sian-leiar ikkje uroa for ny politisak

Når Vårt Land kontaktar Lars Thorsen på ny, står han ved informasjonen han gav i første intervju.

Han seier han ikkje er uroa for at politiet no kan lesa at han tek på seg ansvaret.

– Det er uproblematisk, eg meiner dette er ei lovleg handling. Om politiet vil laga ei straffesak, er det berre positivt. Det beviser at politiet jobbar for å knebla dissidentar.

Han seier han ikkje kan hugsa å ha blitt kalla inn til avhøyr hjå politiet. Av prinsipp stiller han ikkje til avhøyr, fortel han. Han opplever at politiet ikkje protokollfører det som faktisk blir sagt.

– Eg kan stilla til rettsleg avhøyr der dommar er til stades. Det har ikkje politiet vore interessert i.

---

Islam Nets senter i Groruddalen

  • Islam Net står for ein bokstavtru tolking av islam, og er omstridd.
  • I mars kunne Filter Nyheter avdekka at Islam Net har kjøpt ein eigedom for nær 60 millionar kroner i Oslo. Iman Aktivitetssenter står som eigar av bygget.
  • Det planlagde senteret skal mellom anna ha moské, klasserom, ungdomsklubb og produksjonsstudio for misjonsvideoar.
  • I vår vart eit banner med påskrifta «Oslo jihadsenter» hengt opp på bygget.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter