Vårt Land melde denne veka om milliardærar som støttar Venstre og KrF med millionbeløp.
Saka har lagt grunnlaget for at nokre tusenlappar også har hamna på kontoen til partiet Sentrum.
– Den artikkelen vart lagt ut på Facebook-gruppa til støttespelarane våre onsdag morgon. Dei som la den ut, oppmoda folk om å vippsa pengar til partiet. Då begynte pengane å koma inn, fortel nestleiar og grunnleggar av partiet Sentrum, Irene Solli.
Drøymer om 100.000 kroner
Etter norsk lov er parti plikta til å innrapportera støttebeløp over 10.000 kroner. Summane som har rulla inn til partiet Sentrum er ikkje heilt i denne størrelsen. Irene Solli er likevel heilt open om summane.
– Til no, per onsdag kveld, har me fått donasjonar frå 41 stykk, og me nærmar oss 9000 kroner.
Nestleiaren trur og håper det kan vera starten på noko meir.
– I den gruppa er det over 1000 stykk. Om alle gav 100 kroner, kunne me kome opp i 100.000 kroner.
Pengane seier Solli vil sendast vidare til fylkeslaga, som kan bruke desse på materiell til valkampen.
Partiet Sentrum nærmar seg 1000 medlemmer og har alt tilsett ein løna sekretær for kontingenten som medlemmene har betalt inn.
[ Dette er Sentrum sin abortpolitikk ]
Glad partiet ikkje har bindingar
Tusenlappane til partiet Sentrum står i ein viss kontrast til bidraga som har kome inn til andre sentrumsparti. Dei to milliardærane Stein Erik Hagen og Christen Sveaas spyttar ein million kvar i kassa til KrF. Stein Erik Hagen har også gjeve ein million til Venstre.
Det kan gje signal når store økonomiske aktørar gjev pengar til Venstre og KrF med eit klart mål om at dei skal halda fram samarbeidet med Høgre og Frp.
— Irene Solli
Sveaas seier til Dagen at han støttar KrF på grunn av at partiet samlar seg rundt Solberg-regjeringa.
– Kva tenker du om KrF får 2 millionar kroner av rike menn som ikkje nødvendigvis stemmer på partiet, Irene Solli?
– Pengegåver vil nok alle bli glad for. Men eg er glad me i Sentrum ikkje har bindingar til interesseorganisasjonar og private gjevar. Det kan gje signal når store økonomiske aktørar gjev pengar til Venstre og KrF med eit klart mål om at dei skal halda fram samarbeidet med Høgre og Frp. Det må gje partia ein bismak.
Irene Solli understrekar at pengar ikkje er alt. Motivasjonen hennar er engasjementet til medlemmer og støttespelarar.
– Folk har sagt det er bra at me ikkje har så mykje pengar. Då har me ikkje så mykje å krangla om, ler ho.
[ Vedum: – Eg har blitt kalla bakstreversk kvar dag sidan 2014 ]