Nyheter

Kjersti Toppe: Ulstein er lite real og går langt over streken

VAKSINESTRID: Kjersti Toppe skuldar KrF for å legga opp til splitting i det politiske samhaldet rundt koronahandteringa.

Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) kalla Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum for «pandemiens beste venn», i eit intervju med Vårt Land i helga. Ulstein har også i eit intervju med VG skulda Sp-Vedum for å driva «vaksinenasjonalisme».

Grunnen er at Vedum meiner at Noreg burde ha takka ja til knappe 700.000 vaksinedosar gjennom Covax-samarbeidet. I november i fjor takka regjeringa nei til desse dosane og valde heller å overføra dei til fattige land.

Ulstein seier til Vårt Land at «det hjelper ingen andre enn viruset at me berre er opptatt av oss sjølve». Han peiker på at vaksinar til fattige land vil hindra at viruset får mutera seg i nye land.

«Vanvitig utsegn»

Utsegnene møter sterke reaksjonar frå helsepolitisk talsperson i Sp, Kjersti Toppe. Ho skriv i ein SMS til Vårt Land at ho meiner Ulstein «er lite real og går langt over streken» når han seier at Vedum er blitt pandemiens beste venn.

– Det er eit vanvitig utsegn som Ulstein eigentleg bør beklaga. KrF bør gå i seg sjølv i denne saka når dei legg opp til slik splitting i det politiske samhaldet me har hatt i Noreg når det gjeld koronahandteringa, skriv ho.

Ho trekk fram to kritiske punkt mot Ulstein:

* Manglande openheit. «Det var opplysningar frå utanlandske aviser som gjorde at me fekk vita om at Noreg ikkje ville bruke opsjonen i Covax-avtalen», skriv Toppe med henvisning til bistandsavisa Development Today.

* Manglande støtte til å lempa på patentrettane. I januar fremma Sp og SV eit forslag i Stortinget der dei ber regjeringa jobba for midlertidig lemping i internasjonale patentregimer. KrF stemte i mot. Toppe skriv at «her står rike Noreg på legemiddelindustrien si side og gjer at fattige land ikkje får produsera sine egne vaksinar.»

Grunnen til at regjeringa ikkje vil ta i mot desse vaksinedosane, er at dei vil logra med halen og ta i mot det EU gjev.

—  Leiar i Senterungdommen, Torleik Svelle

---

Covax-samarbeidet

  • FN-støtta samarbeid som er meint å sikra meir rettvis fordeling av vaksinar under pandemien.
  • Bistandsavisa Development Today skriv at Noreg i november valde å sei frå seg ein opsjon på 677.000 vaksinedosar frå Covax. Desse blei overført til fattige land.
  • Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum meiner Noreg burde takka ja til desse dosane.

---

Vil ikkje logra for EU

Også leiar i Senterungdommen, Torleik Svelle, blir sint over utspela frå KrF-Ulstein.

– Grunnen til at regjeringa ikkje vil ta i mot desse vaksinedosane, er at dei vil logra med halen og ta i mot det EU gjev. Å kalla det populisme om ein ikkje automatisk vil lystra EU i alt, det provoserer meg skikkeleg.

d

Svelle koplar regjeringas nei til vaksinedosane med at Noreg har forplikta seg til EUs innkjøpssamarbeid. Noreg kjøper vaksinar gjennom EU og ikkje åleine.

– Eg trur ikkje grunnen til at regjeringa takkar nei, er at dei vil hjelpa fattige land. Den reelle grunnen er at regjeringa ikkje tør gå utanom EU-systemet, seier Torleik Svelle til Vårt Land.

Han meiner innkjøpsordninga til EU ikkje fungerer godt nok, og at Noreg bør gå utanom EU for å skaffa dosar.

Han viser til Tyskland, som har opna for å inngå ein nasjonal avtale om den russiske Sputnik-vaksinen.

Også Kjersti Toppe ber Noreg sjå til andre land. Ho meiner me har mykje å læra av land som Israel og Storbritannia som ho skriv «har kome vesentleg lenger i vaksineringa enn oss».

Toppe skriv at regjeringa framover må jobba for å skaffa vaksinar både til den norske befolkninga samstundes som me bidreg til internasjonal vaksinedekning.

– Dette er ei felles linje me står på i Sp. Og eg håpar at KrF ikkje er ein drivar for å politisere dette arbeidet.


Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Amalie Vadla

Amalie Vadla

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter