Nyheter

Ei endra medierøynd

Boris Johnson sitt fråvêr frå debattar og intervju kan vere eit produkt av ein elles uvanleg valkamp. Det er også et teikn på at måtane å nå ut til folk på har endra seg på kort tid.

Mai Lene 
Fløysvik Hæåk

Kommentator

Då eg og kjærasten min såg Love Actually både i 2017 og i 2018, kom det nokre ­kommentarar frå han om kor totalt urealistisk det er at ein statsministar blir valt fem veker før jul. Kanskje ikkje så rart sidan førre novemberval var i 1935. I år var det få ­kommentarar på realismen i akkurat dette, for mindre enn to veker før jul gjekk britane til vallokalet for å ­stemme. Førre desemberval var i 1923. Med andre ord er det ikkje vanleg med val så tett opp mot jul.

Uvanleg valkamp

Det er i det store og heile lite som er vanleg med denne valkampen. Det seier vel sitt at det er den andre i rekka sidan britane bestemte seg for å gå ut av EU. Målet til Boris Johnson var å få fortgang i Brexit-­prosessen ved å vinne tilbake fleirtalet ­Theresa May tapte i 2017, noko han ­definitivt lukkast i.

Valkampen var likevel ikkje berre prega av Brexit. Helse, ­finanspolitikk og arbeids­politikk vart diskutert ofte. I tillegg kom justispolitikk på agendaen etter eit terroråtak på sivile på ­London Bridge i slutten av november.­ ­Dette førte til ein debatt om ein slepp ut kriminelle for tidleg. Gjerningsmannen sat allereie inne for lovbrot knytt til terror­isme og deltok på ein konferanse om rehabilitering av kriminelle dagen han utførte terroråtaket.

Normbrytarar

Trass i Brexit og terroråtak er det likevel noko som kanskje kjem til å bli hugsa like godt, og som kan vere eit ­linjeskift i britiske valkampar: Det konservative partiet valte fleire gonger å bryte med normer som har lagt føringar for valkampar i lang tid. Noko av det første som skapte merksemd, var då partiet bytta namn på Twitter-kontoen sin til «factcheckUK» i samband med ein debatt mellom Boris ­Johnson og Jeremy Corbyn. ­Seinare ­nekta Johnson å stille opp på ein ­debatt om klima på ­Channel 4. ­Kanalen reagerte på fråvêret med å ­plassere ein smeltande isskulptur der Johnson skulle ha stått.

Minst like mykje merksemd fekk det at Johnson òg ­nekta å stille opp til intervju med ­Andrew Neil på BBC. Etter at Corbyn ­gjorde ein heller dårleg opp­treden på programmet, vart det sett på som for risikabelt for Johnson å bli utsett for den tøffe utspørjinga til Neil. Johnson er så langt den ­første partileiaren som har nekta å bli intervjua av Neil.

«No-platforming»

I ­fleire år har me diskutert ­såkalla ­«no-platforming» og i kva grad me skal sleppe til dei mest ­ekstreme syna på ein open ­debattscene. Skal ­Alliansen ha lov til å stå på stand ­under Arendals­veka? ­Burde Steve ­Bannon bli ­invitert til ­Nordiske medie­dagar for å ­snakke ­politikk? Burde ­Document.no-­redaktøren bli invitert til Dagsnytt 18? I det store og heile dreier det seg om i kva grad me skal side­stille ­ytterleggåande politiske organisa­sjonar og personar med dei meir etablerte partia ­eller moderate ­debattantane.

Det me derimot har ­snakka mindre om, er kva som vil skje dersom personar som ­Boris Johnson sluttar å møte opp på desse arenaane. I ei tid kor medie­røynda er stadig meir ­fragmentert og kor det er enklare enn nokon gong å produsere eige innhald, er ikkje politikarar og parti nødvendigvis avhengige av BBC, NRK eller Arendalsveka for å nå ut. Å få taletid på Dagsnytt 18 er truleg med på å gi eit inntrykk av at ein debattant er teken inn i varmen. Debattprogramma gir dermed legitimitet til dei som blir invitert. På andre sida hadde det vore lite igjen av Andrew Neil sine portrettintervju, Debatten på NRK eller Politisk kvarter om politikarane slutta å stille opp.

Plattformene me ser på som verdifulle og viktige for samfunnsdebatten, er først og fremst verdifulle og viktige fordi eit fleirtal av oss er samde om det. Me har bestemt at NRK skal ha ei sentral rolle. ­Politikarane gir verdi til programma på NRK ved å møte opp og dermed vise at dei verdsett arenaene skapt av ­allmennkringkastaren for å ­intervjue og utfordre ­politikarane. Kanskje ein av grunnane til at ekstreme organisasjonar og personar har stått og banka på døra, er at dei meir etablerte politikarane gir verdi til programma og møteplassane kor dei er tilstades.

Endra mediebransje

Me får håpe at fråvêret til Boris Johnson frå debattar og intervju berre er eit eingongstilfelle og eit produkt av ein elles uvanleg valkamp. Men det kan tenkast at det er nok eit teikn på at mediebransjen og måtane å nå ut til folk på har ­endra seg i løpet av dei siste åra. Den knusande ­sigaren til 
­Johnson og dei ­konservative gjer truleg at ein likande medie­strategi får ein endå større ­
appell.

Les meir om valet i Storbritannia:

Britene beholder Boris

«Heile Storbritannia er utslite av brexit. Men den uvisse framtida pregar kvardagen»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter