Må vi snakke om døden?

Dansk psykolog meiner vi har fått ein terapikultur som skapar dårlege samtalar om døden. Overlege ved Hospice Lovisenberg er meir uroa for dei som lar vere å snakke om det ubehagelege.

– Vi må bevare retten til å døy korleis vi vil, seier den danske psykologen Bo Snedker Boman. Han meiner vi har utvikla ein kultur kor det korrekte er å spørje og snakke om alt mogleg – men at dette ikkje passar for alle.
Publisert Sist oppdatert

– Eg får ofte pasientar som fortel om naboar og folk dei ikkje kjenner særleg godt som kjem bort til dei for å snakke om kreftbehandlinga, og plutseleg byrjar dei spørje om kva dei tenkjer om døden, seier Bo Snedker Boman.

Boman er psykolog og jobbar med kreftsjuke pasientar. Fleire av dei har fått nok av å snakke om døden.

– Problemet er at ikkje alle vil snakke om døden heile tida. Dei er framleis i live og vil heller snakke om sommarferien.

Powered by Labrador CMS