Nyheter

Grensesprengande bøn

Då religiøse leiarar stilte seg opp framfor grensegjerdet og ba om ein meir human innvandringspolitikk i USA, blei dei arresterte.

Knelande i sanden rettar religiøse leiarar ei innstendig bøn til president Donald Trump, framført framfor store avdelingar frå USA grensepoliti:

Me må helse karavanen med migrantar frå Mellom-Amerika som har kome til Tijuana i Mexico velkomen inn i USA. Me må slutte å arrestere og deportere dei som har klart å ta seg inn i landet vårt.

Mellom dei knelande i sanden er kristne, jødar, muslimar, urfolkssamfunn. I ei veke, frå måndag til tysdag – frå 10. desember som var den internasjonale menneskerettsdagen til 18. desember som er den internasjonale migrantdagen – aksjonerer dei ved grensegjerdet mellom USA og Mexico.

LES MEIR: De Europa ikke ønsker

Kjærleik

Dei vel 30 religiøse leiarane som blei arresterte måndag aksjonerte på stranda sør for San Diego i California. På andre sida av gjerdet ligg Tijuana.

Aksjonen er organisert av amerikanske kvekarar:

– Som ein kvekar som trur på at me deler synet på humanisme, ber me USA respektere rettane til migrantane, seier generalsekretær Joyce Ajlouny i American Friends Service Committee til nyhendebyrå.

Aksjonen har fått namnet «Kjærleiken kjenner ingen grenser» – og skal vere eit moralsk opprop for migrantrettferd.

LES MEIR: De drukner på havet

Framtid

Minerva G. Carcano, som er biskop i San Francisco Area United Methodist Church, meiner den amerikanske mottakinga av migrantane frå sør konstituerer nasjonen:

– Våre handlingar i slike stunder avgjer kva slags land me skal bli, seier han til amerikanske medier.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter