Kven tør du tru at du er?
Tru kan flytte fjell, seier somme. Om ein berre hugsar at det er ein metafor, er det sant.
SJØLVUTVIKLING: – Måten vi tenker om oss sjølve på, har enorm betydning for kven vi blir. Idear er mektig materiale, skriv Laura Djupvik.
Laura Djupvik,
Forlagsredaktør og forfattar
Det finst to heilt ulike måtar å tenke om seg sjølv på. Med den eine måten hevdar ein å akseptere alt slik det er og gjerne kalle dette for realitetar, for så å konkludere med at noko særleg endring ikkje er mogleg. Slik er livet, slik er eg. Når eg tenker slik, føler eg meg ofte ansvarleg, klok, litt vestnorsk og pietistisk. Ofte får pessimisten her litt rett også.
Bestill abonnement her
KJØP