Kjøttfri jul

I andre enden av toglinja venter lukta av pinnekjøt, den sterke røyk-søte lukta av barndomsjul. Men eg har ikkje ete pinnekjøt på 12 år.

Eg har vore heldig, og har nesten heile vegen fått støtte og aksept frå familie og dei rundt meg, men eg veit at mange andre slit med å verte godteke for sine kjøtfrie val.
Eg har vore heldig, og har nesten heile vegen fått støtte og aksept frå familie og dei rundt meg, men eg veit at mange andre slit med å verte godteke for sine kjøtfrie val.
I andre enden av toglinja venter lukta av pinnekjøt, 
den sterke røyk-søte lukta av barndomsjul. 
Men eg har ikkje ete pinnekjøt på 12 år.
I andre enden av toglinja venter lukta av pinnekjøt, 
den sterke røyk-søte lukta av barndomsjul. 
Men eg har ikkje ete pinnekjøt på 12 år.

Mailiss Solheim, teolog og veganar

I dag har dagen endeleg kome, den ­dagen eg set meg på toget frå Oslo til Bergen. Er på veg heim til kjærast, familie og vener. I andre enden av toglinja venter lukta av pinnekjøt, den sterke røyk-søte lukta av barndomsjul. Men eg har ikkje ete pinnekjøt på 12 år.

I tenåra valde eg å verta vegetarianar, og har sidan tatt steget vidare til ein livsstil heilt utan animalske produkt korkje i matvegen eller andre settingar. Eg er veganar, og gler meg storvegs til mamma sin heimelaga nøttesteik. Og eg gler meg til enno ein gong å feire jul utan dårleg samvit, for korkje dyra, miljøet eller helsa.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP