Belgia seier ja til innbyggjarar som ønskjer å gå ut av livet med legehjelp. I åra 2011-2015 har talet på menneske som døyr ved hjelp av legeassistert sjølvmord gått opp frå 1.000 til 2.023.
Fleire av dei som ønskjer å få hjelp til å døy i Belgia, ved at dei får ei giftsprøyte, kjem frå andre europeiske land. I Helsedirektoratet får Vårt Land opplyst at nordmenn ikkje kan oppsøkje eit belgisk sjukehus og be om eutanasi, sjølv om Norge er med i den europeiske helseforsikringsordninga.
LES OGSÅ: «Vi må ikkje få eit samfunn der høg alder er eit større tabu enn død»
Krev dødshjelp
Ein nasjon skil seg ut, fortel belgiske sjukehuslegar.
Fenomenet eksisterte ikkje for fem eller seks år sidan. No om dagen får eg telefonar som fortel at det står franskmenn på akuttmottaket som krev eutanasi, fortel akuttlege Olivier Vermylen på Brugmann universitetssjukehus i Brussel til avisa SudPresse.
Hans sjukehus hadde 15 eutanasisaker i fjor. Sju var franske borgarar.
Utlendingar som får innvilga eutanasi i Belgia, og som er EU-borgarar, slepp å betale høge rekningar. Som borgarar i eit av EU-landa har dei eit europeisk helsetrygdekort som sikrar gratis helsetenester.
LES OGSÅ: Arbeiderpartiets homonettverk vil ha danske surrogati-tilstander: Søster kan være «rugemor»
Får hjelp
Belgiske sjukehus som utfører legeassistert sjølvmord sender dermed rekninga vidare til heimlandet til pasienten.
Sjølvsagt kan ikkje Belgia yte eutanasi til halve planeten, seier lege Michèle Morret-Rauis ved Brugmann universitetssjukehus til SudPresse.
– Eg kan forstå dei som seier at Frankrike bør sjå etter sine eigne pasientar. Men dette er lett å seie på kontoret. Når du har ein pasient framfor deg som lir, tenkjer du ikkje på det. Du hjelper, uavhengig om dei er franske eller ikkje.
Dyrt i Sveits
Mediemerksemda rundt dødshjelpturistane har fått belgiske helsestyresmakter til å rykkje ut i eit forsøk på å avdramatisere tilhøva.
– Talet på utanlandske pasientar som får dødshjelp er lågt, vi snakkar ikkje om fleire enn eit dusin i året, seier ein talsmann til avisa The Times.
Utanlandske borgarar som får innvilga dødshjelp i Belgia sparar store summar.
– Dei som reiser til Sveits og gjer bruk av klinikken Dignitas, kan ende opp med å bruke 80.000 kroner, alt inkludert, fortel styreleiar Ole Peder Kjeldstadli i Foreningen Retten til en verdig død til Vårt Land.
DEBATTÈR: - Utidig om aktiv dødshjelp, Hareide
Bruke tid
Belgia blei det andre landet i Europa som legaliserte eutanasi då nasjonalforsamlinga fjerna kriminaliseringa i 2002. Nederland var først ut.
Eutanasilova set fleire krav - og dermed kan ein ikkje berre melde seg på akuttavdelinga på eit belgisk sjukehus og krevje dødshjelp:
Pasienten må vere over 18 år.
Ønskje om å få døy må vere frivillig, og det må ha blitt framført fleire gonger også skriftleg.
Det må gå ein månad frå ønskje blir sett fram til pasienten får døy.
Også pasientar som ikkje er dødssjuke kan få innfridd ønskje om eutanasi.
Dødshjelp til barn
I 2014 blei lova utvida. Også mindreårige fekk lov til å døy med legehjelp. Lovgjevarane la inn tre krav: Ulækjeleg sjuk, store smerter, ikkje mogleg å behandle.
I tillegg kravde nasjonalforsamlinga i Brussel passusar i lova som seier at barn skal vere i stand til å forstå avgjerda og vere medviten på kva dødshjelp inneber.
Nederland har også dødshjelp for barn. Men her er det ei nedre aldersgrense på 12 år. I Belgia er der ingen aldersgrense.
LES OGSÅ: Jensen og Hareide krangler om aktiv dødshjelp
Tydeleg kyrkje
Foreningen Retten til en verdig død meiner det er interessant at så mange som 2.023 fekk innvilga dødshjelp i Belgia i fjor.
– Den katolske kyrkja står sterkt i Belgia, og er ein sterk motstandar av dødshjelp, seier styreleiar Kjeldstadli.
Han meiner det ville vore «spennande» om også nordmenn kunne gjort bruk av tilbodet i Belgia. På spørsmål til avdelingsdirektør Steinar Mathisen i Helsedirektoratets avdeling for behandlingsrefusjon om det er mogeleg, leverer Mathisen eit svært kort svar til Vårt Land:
– Nei.
Ikkje godkjent
Han forklarar:
– Enten det er snakk om planlagt eller ikkje-planlagt behandling, altså meir akutt behov for helsehjelp, dekkjer Norge berre behandling som er godkjent som behandling i Norge.
I dag gjev Europeisk helsetrygdkort rett til behandling med betaling frå Norge ved akutte hendingar i EØS-området.
– Vi må leggje til grunn at ønskje om aktiv dødshjelp er planlagt. Men planlagt behandling i utlandet etter dei lover og reglar som regulerer det, dekkjer, som nemnt, heller ikkje behandling som ikkje er godkjent i Norge. Aktiv dødshjelp er ikkje godkjent hjå oss, understrekar Mathisen i Helsedirektoratet.