Nyheter

Verdig alderdom

Vi må ikkje få eit samfunn der høg 
alder er eit større tabu enn død.

Kva plass har det gamle mennesket i det norske samfunnet i dag? Den gjennomsnittlege levealderen har auka kraftig på berre eit par generasjonar. Dei seinare ti åra har talet på nordmenn over 67 år auka med dryge 36 prosent, ifølgje tal frå Statistisk Sentralbyrå. Den varsla eldrebølgja er allereie i ferd med å skylje inn over oss. I denne situasjonen er det grunn til å stille nokre grunnleggande spørsmål kring korleis vi oppfattar alderdom.

Fryktar aldring

Det er nemleg grunn til å frykte at alderdom i framtida blir oppfatta som eit større tabu enn død. Kanskje er vi der allereie. Jakta på evig ungdom har knappast vore sterkare­ enn i vår eiga tid. Vi rår over eit arsenal av middel til å halde 
aldring på avstand, frå botox-injiseringar i pannebrasken til kirurgisk fjerning av skrukkete hud.

Frykta for alderdommen har brent seg fast både i samfunnet som heilskap og hjå kvar enkelt av oss. Den gamle får ikkje lenger eldast med verdigheit, ho blir snarare ein del av eit samfunnsproblem i ein vaklande velferdsstat. Sjølv stirer ho døden i auga, mens vi andre spør: Korleis skal vi få råd til å ta vare på alle gamlingane?

LES OGSÅ: Hit reiser syke for å dø

Isolerte

Noreg har allereie store utfordringar knytt til eldreomsorg. Avisene melder stadig om uverdige kår for eldre som er stua saman på institusjonar, overmedisinerte og kanskje feilernærte, utan tilstrekkelege aktivitetstilbod. Der dei gamle­ i gamle dagar budde saman med storfamilien, sit fleire i dag 
isolerte. Frå tid til annan dukkar det opp hjarteskjerande historier om menneske som døyr utan at nokon oppdagar det, og utan at det dukkar opp ei levande sjel i gravferda deira.

Biletet er rett nok ikkje heilsvart. Dei nye pensjonistane er ei både kjøpesterk og initiativrik samfunnsgruppe. Dei er ofte ved god helse og insisterer på at alder «berre er eit tal». Når dei bikkar 80 og kanskje 90, har dei mista mange av vennene sine, men er ikkje nødvendigvis dømde til eit einsamt liv. Nokre trivst faktisk godt på aldersheimen. Og det finst mange døme på samvitsfulle menneske som tek vare på dei gamle foreldra sine sjølv i dei mest pressa tidsklemmer.

LES OGSÅ: Arbeiderpartiets homonettverk vil ha danske surrogati-tilstander: Søster kan være «rugemor»

På sidelinja

Som samfunn må vi likevel spørje oss sjølve: Er den gamle i dag sett på sidelinja? Den alminnelege aldersgrensa i det norske arbeidslivet blei nyleg heva frå 70 til 72 år. Men korleis ser vi på dei som ikkje lenger ­bidreg til statskassa? Og korleis ser dei gamle på seg sjølve?

Den franske filosofen Simone­ de Beauvoir gav i 1970 ut eit forrykande essay om alderdom, som nyleg er omsett til norsk. Tenkaren som er mest kjent for boka Det annet kjønn, viser der korleis dei gamle blir sett som «dei andre». Allereie i Det annet kjønn peikte Beauvoir på korleis aldrande kvinner blir marginaliserte i samfunnet.

Analysen i Alderdommen går endå lenger: Gamle menneske blir ikkje lenger oppfatta som verkelege menneske. For samfunnet er alderdommen ein slags skammeleg løyndom som det 
er uanstendig å snakke om. Aldring blir oppfatta som ei aud­mjuking.

DEBATTÈR: - Utidig om aktiv dødshjelp, Hareide

Respekt

La ingen forakte deg fordi du er ung, står det i Bibelen. Men det står også noko om ­respekt for alderdom. «Høyr på far din, som gav deg livet, sjå ikkje ned på di gamle mor!» heiter det i Salomos ordtak. Dei eldste hadde både i Det nye og Det gamle testamentet ein ­sentral funksjon som leiarar i folket. Vi kjenner tankegangen også frå det gamle Roma – «senatet» ­tyder rett og slett «eldsteråd».

Der alder i oldtida var synonymt med visdom, er han i dag noko vi fortrenger. Kven har vel ikkje sett seg sjølv i spegelen og drive bort ein tanke på åra som går? Dei færraste av oss er som prins Siddharta, den seinare Buddha, som kjente att sin ­eigen lagnad i ein olding 
han møtte utanfor slottet.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Sjølv er eg enno i mine beste­ år. Kanskje vil somme dra på smile­bandet over at ein 38-åring har begynt å interessere seg for ­alderdom. Men dette er viktig. Eg er redd for eit samfunn der eldre opplever seg sjølve som eit utgiftspost. Eg er redd for eit samfunn der alderdom blir ein diagnose, noko som det går an «å lide av». Eg er redd for eit samfunn der gamle kan komme til å velje aktiv dødshjelp framfor å vere til bry.

Memento

Alderdom må ikkje bli eit nederlag. Vi kjenner alle setninga: Hugs at du skal dø. Ho bør supplerast med ei setning til: Hugs at du (kanskje) skal bli gammal.

LES OGSÅ: Jensen og Hareide krangler om aktiv dødshjelp

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter