Nyheter

Éin milliardær er nok

Utviklingsland ville fått bukt med fattigdommen dersom dei rikaste i kvart land gav avkall på formuen.

Bilde 1 av 2

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

62 multimilliardærar har ein samla formue som er like stor som formuen til halve jordas befolkning, 3,5 milliardar menneske, viser Oxfams årlege formuerapport. I 2010 var det 388 personar som åtte like mykje som halve verdas befolkning.

I takt med at dei rike blir rikare, har amerikanske Brookings Institution (BI) rekna på kva eit utval særs rike menn kunne ha utretta i sine respektive heimland om dei hadde delt formuen med landets mange fattige.

BI seier det enkelt: Èin milliardær er nok.

- Brookings peikar på noko umåteleg viktig, seier Wenche Fone, avdelingsleiar for politikk og samfunn i Kirkens Nødhjelp (KN), og utdjupar:

- Rike menneske i fattige land må byrje å dele.

LES MEIR Kan hjelpe seks millioner barn

Deler ut

Brookings Institution, som forskar fattigdom, naudhjelp og utviklingshjelp, peikar på tre formuane amerikanarar som har vist stor vilje til å dele med dei som har mindre:

Datagründer Bill Gates har lova å gje vekk nesten heile milliardformuen innan 20 år etter at han og kona Melinda døyr. Førebels har han gjeve vekk 200 milliardar kroner.

Investoren Warren Buffett skal donere tett på 400 milliardar kroner til stiftinga til Bill Gates, som særleg gjev pengar til vaksinasjon.

Facebook-eigar Mark Zuckerberg vil gje vekk 99 prosent av aksjane i Facebook i løpet av åra han har att å leve. Med dagens dollarkurs er aksjane verdt nesten 390 milliardar kroner.

Men desse formuane går ikkje til fattige Gates, Buffet og Zuckerbergs heimland, dollarane går til globale prosjekt.

- Oppmodar KN multimilliardærar til å dele formuane sine med dei som har lite i sine respektive heimland?

- Vi går ikkje rett på dei rike, vi arbeider for omlegging av skattesystema i fattige. Slik kan dei som har mykje byrje å dele med dei som har lite, seier avdelingsleiar Fone.

LES MEIR Jakter høy lønn for å hjelpe flere

Politisk makt

Brookings Institution dreg fram land som kunne opplevd store økonomiske omveltingar dersom landets rikaste mann hadde vist vilje til omfordeling av eigen formue.

Sjå til Georgia, seier instituttet. Ti prosent av borgarane i den vesle staten i Kaukasus lever i fattigdom. Dersom Bidzina Ivanisjvili hadde delt ut formuen, ville ikkje Georgia hatt ein fattig borgar dei komande 15 åra, viser BIs reknestykke.

Bidzina Ivanisjvili har i dag ein formue på 45 milliardar kroner etter å ha gjort suksess med investeringar i bank, gruve, hotell og apotek. I 2012 blei han plassert øvst på formuetoppen i Georgia av finansmagasinet Forbes og blei ein av dei 200 rikaste i verda.

I 2012 blei han også regjeringssjef. Som leiar i partiet Georgisk draum demokratisk Georgia vann han parlamentsvalet og skipa regjering. Han fekk avløysing i fjor. Han viste ikkje vilje til å dele.

LES MER: – Sosial ulikhet har tatt livet av den amerikanske drømmen

Betre liv

To andre karar som kunne ha fjerna fattigdommen i sine respektive heimland, er entreprenøren og bankmagnaten Luis Carlos Sarmiento i Colombia og investoren Nathan Kirsh i Swaziland.

I Colombia lever sju prosent under fattigdomsgrensa, og hadde Sarmiento delt ut formuen på vel 116 milliardar kroner ville det gjort underverker, meiner Brookings Institution. I miniputtstaten Swaziland i det sørlege Afrika er to av fem fattige, og her ville Kirshs 33 milliardar kroner gjort livet betre for dei underprivilgerte.

Oversikten til Brooking Institution viser at i Brasil og Peru hadde talet på fattige gått ned til berre ein prosent om multimilliardærane Jorge Paolo Lemann og Carlos Rodriguez-Pastor hadde sagt at dei kunne nøye seg med lite.

Lemann har ein formue på 216 milliardar kroner, og Rodriguez-Pastor har 18 milliardar kroner.

- Skattesystema i mange fattige land er slik at dei som er svært rike blir berre rikare, medan fattige får lite, seier Fone.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Lite kutt

Reknestykka til det amerikanske instituttet viser at i nokre fattige land ville det ha betydd svært lite om landets rikaste gav avkall på formuen. Uganda er eit slikt land.

Sudhir Ruparelia har samla verdiar for 9,5 milliardar kroner gjennom eit langt yrkesliv i Uganda han starta som alkoholimportør. No er han stor på eigedom, bank, utdanning, media, hotell og ferie. Men sjølv om Ruparelia gjev alt til dei fattige, vil talet på fattige i Uganda berre gå ned med 1 prosent, til 32 prosent, seier BI.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter