Nyheter

Oppgjer med hat

KOMMENTAR: Det er slett ikkje muslimar som har ført jødehatet til Noreg. Men vi treng å vite meir om jødehat i islamske miljø.

«De ønsker meg død», skreiv David Genius i Bergens Tidende 19. september. Genius som står fram som kristen jøde, meinte å observere at muslimar hatar han og David-stjerna. Observasjonen kan vere rett. Men så gjekk Genius til Koranen for å finne støtte for at alle muslimar pliktar å drepe jødar. Slik kryssa han sjølv ei farleg grense: Ved skjere alle muslimar under ein kam og gripe til Koranen som prov, ramma han muslimane for det same som jødane er blitt utsette for.

Det er skilnad på Hadia Tajik og Arfan Bhatti som skaut ni skot mot det jødiske gudshuset i Oslo.

Det finst jødehat også blant muslimar. NRK dokumenterte for tre år sidan at det finst muslimsk jødehat i Oslo-skulen. Det fekk Oslo kommune i 2012 til å lage ei undersøking. Den viste at eitt av tre jødiske barn vert ramma av rasisme ofte, medan berre kvart tjuande muslimske barn blir det. Halvparten av dei jødiske barna hadde opplevd ordet «jøde» brukt som skjellsord.

Undersøkinga kartla ikkje kva muslimar meiner om jødar. Men undersøkinga viste at det var størst utslag av antisemittiske utsegner i skulane på austkanten i Oslo.

LES OGSÅ: Jødisk leder tar avstand fra muslimdemonisering

Norsk jødehat

Litt tidlegare, i mai 2012, kom HL-senteret med si store undersøking av norsk jødehat. Den viste utbreidde antijødiske førestellingar. Berre ein av 1.500 som deltok, var muslim. Undersøkinga viste altså at dei antisemittiske førestellingane er eit reinhekla norsk-etnisk fenomen.

HL-senteret planlegg ein oppfølgjande studie som – gitt at dei får midlar – kjem i 2017. Forskar Øyvind Kopperud opplyser til Vårt Land at det blir diskutert om ein skal prøve å fange opp ikkje berre utvikling sidan 2012, men også til dømes antijødiske holdningar blant muslimar.

Vitskapleg sett er det vanskeleg å måle eit slikt kontroversielt spørsmål blant ein minoritet. Mellom anna er det usannsynleg at ein får nok svar: Dei ein vil spørje, kjem gjerne frå land der folk ikkje trur at svara dei gjev, vert haldne hemmeleg. For å nemne eitt problem. Alternativet er å lage ein kvalitativ studie - altså intervjue eit avgrensa tal menneske. Så får vi sjå kva dei endra opp med – og kva nytt vi får vite.

Men, som Kopperud seier: – Vi skal ikkje verre redde for å stille spørsmålet.

LES OGSÅ: – Flytter fra jødehat

Auka vald

Jødehat er, igjen, eit aukande problem i Europa. Ikkje minst Frankrike har vi sett valdelege åtak på jødar og jødiske mål. I ein forstad til Paris vart ei synagoge angripen i juli. Talet på valdelege åtak er større så langt i år enn i 2013. Den tyske kansleren Angela Merkel sette nyss ord på at unge jødar lurer på om dei skal setje barn til verda i Tyskland. I Gelsenkirchen vart det under ein demonstrasjon mot Gaza-krigen ropt «Gass jødane!».

Den tyske journalisten Jochen Bittner hevda i The New York Times sist veke at veksten i muslimsk antisemittisme er hovudgrunnen til eit forverra klima for europeiske jødar. Men det blir heilt feil å rette skytset mot ein minoritet, svarar Yasha Mounk, ein Harvard-forskar som har skrive bok om korleis det er å vere jøde i Tyskland. Mounk skriv ein inngåande artikkel i Foreign Affairs om «Europas jødiske problem».

Han hevdar at ved å skulde på ein minoritet, overser ein det aukande jødehat i majoriteten. Han dreg fram ein studie gjort av det amerikanske Pew Research Center: Den viste at 6 prosent av tyskarane er muslimar, medan 25 prosent av folket uttrykkjer ufordelaktige synspunkt på jødane. Mounk slår fast at sjølv om graden av antisemittisme eventuelt skulle vere høgare blant muslimar enn blant majoriteten, er det langt meir sannsynleg at folk som spreier antisemittisme, er kristne enn at dei er muslimar.

LES OGSÅ: – Franske tenåringer planla selvmordsbombe mot synagoge

«Død over jødane»

Denne observasjonen kan vi ta med tilbake til vårt eige land. Majoriteten har meir enn nok å svare for, utan at vi av den grunn skal frikjenne minoriteten. Somme norske jødar løyner identiteten sin i frykt - skota mot synagoga i 2006 er ikkje einaste grunnen.

Også i Oslo blei det på arabisk ropt «Død over jødane!» i demonstrasjonane under Gazakrigen i 2009. Øyvind Kopperud på HL-senteret noterer at så langt han oppfanga det, fanst det ikkje slike hatefulle ytringar i Noreg under Gazakrigen i sommar. Det er, som han seier, ikkje forskargrunnlag for å seie at alt alltid blir verre.

Men meir kunnskap treng vi. Og vi treng tydelegare muslimsk oppgjer med jødehat i eigne rekkjer.

Bli med i debatten på Verdidebatt!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter