Nyheter

Taliban har opna vårsesongen

– Angrepa i Afghanistan i går viser at året som kjem blir vanskeleg for regjeringa og for dei internasjonale styrkane, seier forskar. «Våroffensiv», seier Taliban sjølv.

Angrepet på den afghanske nasjonalforsamlinga, fleire utanlandske ambassadar og andre mål i Kabul i går var det største på lang tid. Norsk militært personell var i nærleiken av måla for Talibans rakettar og granatar, og Time-frilansaren John Wendle skreiv på Twitter at norske spesialstyrkar hadde teke oppstilling med skarpskyttarar på eit tak i Kabul. Då Vårt Land var i kontakt med pressetalsmann for Forsvarssjefen, Bent-Ivan Myhre, søndag ettermiddag, kunne han stadfeste at norske spesialstyrkar deltok på den afghanskleia operasjonen.

– Dei norske spesialstyrkane er med på operasjonen, og vi har ingen indikasjonar på at nokon av våre soldatar er skadd, seier Myhre til Vårt Land klokka fire søndag ettermiddag.

Dei norske styrkane har som oppdrag å trene det afghanske spesialpolitiet Crisis Response Unit, noko som inneber å vere mentor også i pågåande situasjonar. Pressetalsmannen ville ikkje kommentere kor nær dei norske styrkane var på kamphandlingane.

Norske i god behald. Ifølgje Ivar Moen ved Forsvarets operative hovudkvarter var dei litt under 20 norske soldatane som jobbar ved ISAF-hovudkvarteret i Kabul i god behald i går. ISAF er den fredsbevarande internasjonale militære styrken i Afghanistan.

– Vi har vore i kontakt med alle saman, og statusen var at alt var vel, seier Moen til Vårt Land.

Den norske ambassaden vart heller ikkje råka av rakettane og granatane. Det vart derimot den britiske, den tyske og den russiske ambassaden. Til saman sju mål i Kabul skal ha blitt angripe i det koordinerte angrepet, i tillegg til liknande angrep i andre afghanske provinsar, som Logia og Paktia, samt i byen Jalalabad.

– Eit slikt koordinert, massivt angrep demonstrerer at dei militante framleis har kapasitet til å slå til og at dei utanlandske styrkane og presidenten ikkje maktar å skape tryggleik i hovudstaden, seier seniorforskar Astri Suhrke ved Christian Michelsen-instituttet i Bergen til Vårt Land.

Politisk erklæring. Dei utanlandske styrkane skal etter planen trekkje seg ut av Afghanistan innan 2014. Suhrke kallar angrepet ei politisk erklæring for å vise at regjeringa er svak og at tryggleiksstyrkane er svake.

– Dei militante gruppene har vore pressa særleg hardt det siste året, ikkje minst av amerikanarane, med sin «Kill or Capture»-strategi, som har teke ut mange militante. Det har nok vore viktig for dei militante å vise at dei har kapasitet til å slå tilbake, meiner Suhrke.

Dei seinaste par dagane er over 100 talibansoldatar drepne, såra eller tekne til fange i ulike operasjonar rundt om i landet. Det er uvisst om angrepet i går var eit svar på dette. Ifølgje NTB kan angrepet også vere hemn for Koranen som blei brent ved ein amerikansk base for to månader sidan, eller for den amerikanske soldaten som gjekk amok i ein afghansk landsby og drap 17 sivile med kaldt blod.

Taliban uttrykte i går at angrepet var starten på ein «våroffensiv» frå deira side.

– På grunn av snøen i fjellpassa er det veldig laber aktivitet om vinteren. Men vinteren er no over, og vi går inn i ein avgjerande periode framover, ein styrkeprøve. Dette angrepet er ein opningssalutt for sesongen som kjem, seier Suhrke.

Sårbar regjeringsmakt. At Taliban skaut med rakettar på ambassadane, viser at dei har kapasitet til å sette opp utskytingsrampar i Kabul. Hovudmåla skal ifølgje Taliban sjølv har vore den britiske og tyske ambassaden, samt Nato-hovudkvarteret.

– Britane er den tradisjonelle fienden, og har etter amerikanarane den største styrken i Afghanistan. At dei militante angreip nasjonalforsamlinga viser kor sårbare symbola for afghansk regjeringsmakt er.

Nyhendebyrået AFP meldte i går om parlamentarikarar som slutta seg til tryggleiksstyrkane i forsøket på å slå ned angriparane.

– Kor dramatisk er dette angrepet?

– Det viser iallfall tydeleg at året som kjem blir vanskeleg for regjeringa og for dei internasjonale styrkane. Dei militante styrkane har stor slagkraft igjen. Det vi kan håpe på, er at angrepet kan skape ny fart i forhandlingane. Det skjer ofte at ein forhandlar på ein trasé og slåst på ein annan, seier Astri Suhrke.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter