Nyheter

- I bøn om planar for brenning av Koranen

Florida-kyrkje vurderer åtvaringane.

Pastoren i ein kyrkjelyd i Florida som har varsla brenning av Koranen 11. september, på årsdagen for terroråtaket på USA, seier no at dei tenkjer gjennom saka.

Terry Jones, pastor i Dove World Outreach Church i Gainesville, Florida, seier at kyrkjelyden tek på alvor åtvaringa frå leiinga i den amerikanske hæren at brenning av Koranen kan føre til alvorlege følgjer for dei amerikanske troppane i Afghanistan.

Jones presenterte først planane om å brenne Koranen i eit intervju på CNN.

– Vi har klart bestemt oss, men samtidig er vi i bøn om dette, seier Jones til CNN.

– Vi vurderer situasjonen. Vi vurderer det vi er i ferd med å gjere og kva det kan føre til, kva som er bodskapen vår, seier Jones.

'Av djevelen'. På ein video kyrkja har lagt ut på YouTube, vert koran-brenninga varsla.

– Islam er av djevelen, seier Jones i filmen. Terry Jones har også skrive boka «Islam er av djevelen».

Kyrkjelyden har på nettsida si agt ut ei sak med tittelen Ti grunnar for å brenne ein koran'.

Kritikk. Den planlagde koran-brenninga har møtt skarp kritikk frå muslimar verda rundt, frå offentlege representantar i USA og frå kyrkjeleiarar.

LES OGSÅ: Protesterer mot planar om å brenne Koranen 11. september

Den amerikanske ambassaden i Kabul har åtvara mot koran-brenninga og sagt at det vil vise manglande respekt for islam, gå på tvers av amerikansk politikk og bryte med det leiarar for alle religiøse og etniske grupper meiner.

Åtvara. General David Petraeus som er øvstkommanderande for dei amerikanske styrkane i Afghanistan, har åtvara mot at brenning av Koranen kan føre til alvorlege vanskar for dei amerikanske styrkane utanlands.

LES OGSÅ: – Koran-brnening kan sette liv i fare

– Det kan vere farleg for soldatane og kan setje heile innsatsen i Afghanistan i fare, sa Petraeus.

Redd. Han frykta effekten berre av rykta om at kyrkja vil brenne muslimane si heilage bok. Planane har alt ført til protestar, mellom anna i Kabul i Afghanistan. Tusenvis av menneske i Indonesia sama seg utanfor den amerikanske ambassaden i Jakarta søndag for å protestere mot planane om å brenne Koranen.

Pastor Jones seier til CNN at kyrkjelyden er fullt merksam på at planane vil skape harme.

– Vi er fullt klar over at handlinga vil skake opp folk, skake opp muslimane. Eg vert oppskaka når dei brenn flagg. Eg vert oppskaka når dei brenn Bibelen. men vi meiner at bodskapen vi vil sende er mykje viktigare enn at folk vert oppskaka, seier Jones.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter