Nyheter

Tutu åtvarar Israel

Palestinarane betaler prisen for Holocaust.

Lærdommen Israel må dra av Holocaust, er at landet aldri kan få tryggleik gjennom gjerder, murar og våpen, seier erkebiskop emeritus Desmond Tutu til den israelske avisa Haaretz.

Forsvare. Israels statsminister Benjamin Netanyahu er i Tyskland og sa torsdag at lærdommen av Holocaust er at Israel alltid må forsvare seg.

Tutu som er i Jerusalem, seier i ein kommentar til den israelske avisa Haaretz at «i Sør Afrika prøvde dei å skaffe seg tryggleik gjennom våpen. Dei fekk aldri det. Dei fekk tryggleik då menneskerettane vart anerkjente og respekterte».

Tutu er i Israel og på Vestbreidda som medlem av organisasjonen The elders ein organisasjon av eldre statsmenn og fredsaktivistar.

Plaga av skuld. Fredsprisvinnaren sa at vesten er plaga av skuld og anger på grunn av Holocaust og la til at slik skal det vere.

Men kven betaler prisen? Prisen vert betalt av arabarane, av palestinarane.

Tutu tok også til orde for sanksjonar mot Israel slik sanksjonar var med påp å presse det kvite regimet i Sør Afrika til å gje opp.

Iran. I Tyskland drøfta Netanyahu Iran og jødiske busetnader. Han og Angela Merkel var langt meir usamde om busetnadene enn om Iran, melder den israelske avisa The Jerusalem Post.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter