Nyheter

Serverte hasj og arsenikk på kyrkjekaffi

Angst, paranoia og død ramma to kyrkjelydar.

Nokon hadde sett eit fat ganske så uvanleg kaffimat på kyrkjekaffibordet i St. John the Apostle Church i den vesle byen Bloomington i USA:

Hasjkaker.

Seks kyrkjegjengarar frå den katolske kyrkjelyden forsynte seg – og enda på sjukehuset der dei alle melde om same symptom; auka blodtrykk, angst og paranoia.

Bloomington ligg i delstaten Indiana. No lurar alle i byen på kven som bakte hasjkakene og serverte dei på kyrkjekaffien etter gudstenesta 22. mai, melder lokale medier.

LES MEIR: Vekkelse og kaffekos

Cannabis

Politiet i Bloomington fortel at dei seks kyrkjegjengarar frå St. John the Apostle Church, som er mellom 12 og 70 år, har det til felles at urinprøver gav utslag på THC, verkestoffet i cannabis.

Kven som bakte og serverte hasjkakene skal politiets etterforsking avklare.

Fader Daniel Mahan St. John the Apostle Church fortel ein lokal TV-kanal at han førebels ikkje kan gjere anna enn å be for hasjkakeofra. Mahan avventar politietterforskinga før han vil ta opp den uvanlege kakebakinga internt i kyrkjelyden.

Arsenikk

Hasjkakene i St. John the Apostle Church er ikkje åleine om å sende kyrkjegjengarar på sjukehus.

I 2003 fekk ein kyrkjekaffi i den vesle immigrantbyen New Sweden eit fatalt utfall:

15 blei sendt på sjukehus med forgiftingar. Ein døde.

Då politiet gjekk inn saka, fann dei at sjølve kaffien hadde blitt forgifta. Nokon hadde tømt arsenikk på kannene som blei sette fram etter gudstenesta i Gustaf Adolph-kyrkja. New Sweden ligg i delstaten Maine, og er som namnet fortel etablert av svenske innvandrarar.

LES MEIR: Mette-Marit på kirkekaffe

Sjølvmord

I ettertid fortalde fleire kyrkjegjengarar at dei tykte kaffien i Gustaf Adolph-kyrkja hadde smakt bittert denne sundagen. Det blei avklart at det var snakk om arsenikk då nesten alle enda opp på det lokale sjukehuset i løpet av sundagskvelden.

Politietterforskinga avdekka at mordaren var ein av dei 50 som hadde gått på gudstenesta og den etterfølgjande kyrkjekaffien. Fem dagar etter arsenikkserveringa fann politiet ein død bonde i New Sweden. Sjølvmord, sa politiet og opplyste at dei hadde funne eit brev som knytte mannen til den dødelege kyrkjekaffien.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Grundigare etterforsking avdekte at minst to personar stod bak arsenikkforgiftinga.

Gåve

Kva så med motivet? Politiet fann to mogelege. Familien til den døde bonden hadde gjeve kyrkja eit nytt altarbord, men det hadde blitt ståande ubrukt. Alternativ to var ein omstridt kyrkjefusjon. Soknerådet i Gustaf Adolph-kyrkja hadde drøfta ei samanslåing med nabokyrkjelyden – noko mange var sterkt i mot.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter