Folk var kritiske då det blei kjent at han skulle bli barne- og likestillingsminister, før folk blei endå meir kritiske då tittelen skulle bli barne- og familieminister – utan ansvar for likestilling og homopolitikken. Omtalar som «mørkemann» og «gufs frå fortida» er mellom karakteristikkane som er blitt brukt om Kjell Ingolf Ropstad, noko han sjølv avviser.

– Eg er ganske vant til at det blir brukt ulike merkelappar, svarte Ropstad då han blei spurt om han tok seg nær av kritikken. 

Han fortalte likevel det store presseoppbodet at han les avisene og at han synest det stormar vel mykje rundt enkelte saker. Då den utvida Solberg-regjeringa møtte folket på Slottsplassen var det eit stort koppel demonstrantar på plass. Éin del av demonstrantane møtte opp i kostyme frå «The Handmaid's Tale», serien der fruktbare kvinner blir tvungne til å jobbe som «fødemaskiner». 

– Det hadde vore kjempegøy med berre applaus, men eg har forståing for at noko av det vi har kjempa fram i plattformen også skaper negativ merksemd. Samstundes er eg veldig stolt over det vi har fått gjennomslag for, sa den ferske statsråden.

LES OGSÅ: Blanda kjensler for Hareide

Avviser kritkken

Ropstad meinte kritikken om at regjeringa er kvinnefiendtleg er heilt feil.

– Eg var stolt då eg såg fire kvinnelege partileiarar stå der med ei historisk fleirtalsregjering. Å seie at den er kvinnefiendtleg er eg veldig ueinig i. Eg er sikker på at denne regjeringa vil motbevise det.

Før Ropstad entra Slottsplassen saman med KrFs to andre statsrådar Olaug Bollestad og Dag Inge Ulstein, hadde Knut Arild Hareide tatt Ropstad kraftig i forsvar.

Hareide sa mellom anna at kritikken mot at Ropstad ikkje skal ha ansvar for likestilling- og homopolitikk, handla like mykje om eit ønskje frå Venstre.

LES OGSÅ: Derfor kan motvind ramme KrF og Venstres drømmejobber

Ønskte seg livssyn

For medan kulturminister Trine Skei Grande tek over likestillingsansvar, får Ropstad tilsendt ansvar for livssynspolitikken.

– Eg skulle gjerne hatt det feltet (likestilling, journ.anm.), men som statsministeren sa tidlegare i dag så hadde vi eit stort ønskje om å styre truspolitikken – livssynspolitikken.

Éin av dei oppmøtte journalistane spurte om truspolitikken var viktigare enn likestillingsporteføljen. 

– Eg kjem til å vere ein familieminister og barneminister for alle barn og alle familieformar, og kjem til å ha mange viktige oppgåver for å sikre både likestilling og likeverd. Og så er eg veldig takksam for at vi skal styre livssynspolitikken, svarte Ropstad. 

LES OGSÅ: Slik blir den nye regjeringens trospolitikk

Seinare dom

Den nye barne- og familieministeren slo fast at KrF hadde eit ønskje om å ha ansvar for truspolitikken, medan Skei Grande ønskte seg likestilling. Han var tydeleg på at det ikkje handlar om at han og KrF skal «sleppe unna homopolitikken».

– Eg skal kjempe mot diskriminering av homofile. Vi veit at det er store utfordringar med mobbing og hatkriminalitet, så det blir viktig for meg, sa Ropstad.

For mannen som kanskje blir ny KrF-leiar er det viktig å vise kva han vil.

– Eg håper folk dømmer meg for det eg gjer dei neste dagane og forhåpentlegvis månadene og åra.