Nyheter

Nye statsrådar presentert – Hareide tok Ropstad i forsvar

Fungerande KrF-partileiar Olaug Bollestad gjekk i front då statsrådane i den utvida Solberg-regjeringa entra Slottsplassen tysdag. I publikum stod Knut Arild Hareide og forsvarte Kjell Ingolf Ropstad.

Fleire demonstrantar hadde møtt opp på Slottsplassen tysdag, mellom anna med regnbogeflagg, plakatar med abort som tema, samt plakatar med klima- og miljøbodskap. Då den utvida Solberg-regjeringa kom gåande cirka klokka 11.15 kunne ein mellom anna høyre «La olja ligge!» bli ropt.

I forkant var det likevel at Kjell Ingolf Ropstad «slepp unna» likestilling- og homopolitikk som skapte reaksjonar. Ropstad blir, som Vårt Land melde tysdag, barne- og familieminister. Likestillingsansvaret blir flytta frå Barne- og likestillingsdepartementet til kulturminister Trine Skei Grande og Kulturdepartementet.

Ei rekkje opposisjonspolitikarar har vore sterkt kritiske til at Ropstad slepp «homoansvaret», men på Slottsplassen blei han tatt i forsvar. Avgått KrF-leiar Knut Arild Hareide meinte kritikken har vore usakleg.

– Historia som er knytt opp til dette i media, er ikkje rett, sa Hareide til pressekorpset framfor Slottet.

LES OGSÅ: Derfor kan motvind ramme KrF og Venstres drømmejobber

Venstre ønskte det

Hareide sa at Venstre lenge har ønskt ansvar for likestillingsområdet – også før statsrådkabalen blei lagt. Og når Skei Grande får likestilling- og homopolitikk, får Ropstad livssynsansvar i retur.

Det betyr at nær 14 år etter at KrFs Valgerd Svarstad Haugland var kirke- og kulturminister i Bondevik 2-regjeringa, får KrF igjen ansvar for kyrkje-, tru- og livssynspolitikken.

– Det er kjempeviktig, slo Hareide fast.

Han seier at han ikkje kjenner seg igjen i den skarpe kritikken Ropstad har fått dei siste dagane.

– Han er ein flott mann, han er kunnskapsrik og søkande etter ny informasjon. Eg trur at når han går inn i si rolle, så vil det norske folk bli kjent med ein person som vil gjere sitt ytste og det beste for heile folket, sa Hareide.

LES OGSÅ: Slik blir den nye regjeringens trospolitikk

Blanda kjensler

Hareide la samstundes ikkje skjul på at han gjerne skulle sett ein annan politisk situasjon i Noreg.

– Eg kjenner dette blanda naturleg nok, det skulle berre mangle, sa Hareide, før han var tydeleg på at han er glad for at KrF får tre flotte statsrådar:

– Som skal løfte fattigdom, perspektivet til barna og Distrikts-Noreg. Det gler meg i dag.

Som venta var det Ropstad, Dag Inge Ulstein og Olaug Bollestad som blir dei tre statsrådane frå KrF i den utvida regjeringa. Bollestad blir ny landbruks- og matminister, og sparkar med det Bård Hoksrud (Frp) ut av regjeringa, medan Ropstad sparkar Linda Hofstad Helleland (H) ut av regjeringa.

Oslo  20190122.
F.v.: ny utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF), ny barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), ny landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad  (KrF), finansminister Siv Jensen (Frp), statsminister Erna Solberg (H) og kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) på Slottsplassen etter ekstraordinært statsråd på Slottet tirsdag.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Ny utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF), ny barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), ny landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad (KrF), finansminister Siv Jensen (Frp), statsminister Erna Solberg (H) og kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) på Slottsplassen etter ekstraordinært statsråd på Slottet tysdag

Nyoppretta post for KrFs «raude»

Ulstein, som tidlegare har vore byråd i Bergen, blir utviklingsminister i den utvida Solberg-regjeringa. Ulstein tilhøyrde mindretalet i KrF som ønskte ei venstredreiing for partiet. Han er meint som ein representant for den «raude» sida i KrF – som ein samlande mann for partiet.

Ulstein erstattar Nikolai Astrup (H), medan Astrup går inn i den nyoppretta posten som digitaliseringsminister i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Den andre nyoppretta statsrådposten er samfunnstryggleiksministeren i Justis- beredskapsdepartementet. Den posten blir fylt av statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp).

Syversen til SMK

Også blant statssekretærane i dei ulike departementa skjer det endringar.

Hans Olav Syversen blir, som Vårt Land melde i går, statssekretær ved Statsministerens kontor (SMK). Han konkurrerte lenge med Olaug Bollestad om ein statsrådpost, men endar opp ved SMK.

Medrekna statsminister Erna Solberg er det no 22 medlemmar i regjeringa.

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter