– Storleiken på bota er eit reint skremmeskot frå påtalemakta, meiner advokat Alexander Schimmelpfennig Nygaard.

Han møter i Oslo tingrett på måndag som forsvarar for restauranten som er tiltalt for å ha brote utlendingsloven.

Politiet i Oslo har ikkje tiltalt eigaren av restauranten, men sjølve restaurantselskapet. I tiltalen skriv påtalemakta at dette selskapet har brote loven ved «forsettlig eller grovt uaktsomt å ha gjort bruk av en utlendings arbeidskraft når utlendingen ikke har nødvendig tillatelse etter loven».

Ureturnerbar arbeidde som vikar

Mannen, som ikkje har rett til å arbeide i Norge, har arbeidd ved restauranten i tidsrommet september 2018-juni 2019. Han er ein såkalla ureturnerbar, ein person med endeleg avslag på asylsøknaden, men som ikkje kan returnerast til heimlandet. For å få pengar til livsopphald jobbar han for vikarfirmaet Plog, som er eigd av Arne Viste, og var innleigd av restauranten i Oslo.

Mannen er ikkje tiltalt i saka.

Politiet tilbau strafferabatt

Då politiet avdekka arbeidsforholdet, fekk restauranten først eit førelegg på 150.000 kroner: «Boten som er fastsatt i forelegget, bygger på at forelegget blir vedtatt. Ved utmålingen av boten er det følgelig lagt inn en strafferabatt på dette grunnlag», skriv aktor, politiadvokat Hans Petter Pedersen Skurdal i førelegget som er datert 19. mai i år.

Men restauranten godtok ikkje førelegget. Dermed blir det rettssak, som startar i tingretten på måndag. Det er sett av éin dag.

50.000 i bot for ein dags arbeid

Politiadvokat Skurdal i Oslo politidistrikt seier til Vårt Land at påstanden om 600.000 kroner i bot ikkje må kome overraskande på restauranteigaren. Han seier summen er eit varsel om kva som kan kome av straffereaksjon for å gjere bruk av arbeidskraft som ikkje har lovleg opphald i Norge og med det heller ikkje har arbeidsløyve.

– Så bota kan bli høg, seier han.

Skurdal opplyser at arbeidsgjevarar i Oslo som blir avslørte for å bruke arbeidskraft utan lovleg opphald, får 50.000 kroner i bot for ein dags arbeid - og viser til politidistriktets bøtedirektiv.

Plikt til undersøkje

Advokat Schimmelpfennig Nygaard seier denne saka handlar om undersøkingsplikt:

– Kva skal ein arbeidsgjevar som gjer bruk av eit vikarbyrå undersøkje? I denne saka har restauranten handla i god tru, for vikaren er tilsett i vikarfirmaet. Restauranten var ikkje mannens arbeidsgjevar, det ansvaret har Plog, seier han, og understrekar at hans klient berre kjøpte ei teneste.

Advokaten meiner difor at hans klient ikkje kan lastast for ikkje å ha undersøkt om vikaren han leigde inn hadde lovleg opphald i Norge.

– Går selskapet konkurs om bota på 600.000 kroner blir endeleg?

– Ja.

Må ringje UDI

I ei anna rettssak om bruk av arbeidskraft utan lovleg opphald, og der Skurdal også var aktor, opplyste politiadvokaten i retten at arbeidsgjevarar må alltid ta éin telefon før dei tilset personar som ikkje kan dokumentere at dei har lovleg opphald i Norge: Dei må ringje Utlendingsdirektoratet og sjekke personens status.

I denne saka la Skurdal ned påstand om 500.000 kroner i bot. I dommen frå Borgarting lagmannsrett, som kom førre veke, blei bota halvert. Ankefristen går ut i september.

Må betale bot og inndraging

I mai i år avviste Høgsteretts ankeutval anken over dommen til Arne Viste på eitt års fengsel på vilkår for å ha tilsett personar utan lovleg opphald som vikarar i Plog, som så blei leigde ut til ulike arbeidsgjevarar. Dermed var dommen mot Viste og Plog rettskraftig.

Vikarbyrået er dømt til å betale ei bot på 1,5 millionar kroner samt til ei inndraging av 1,4 millionar kroner.

I tiltalen mot Viste og Plog tok politiet med 29 personar utan lovleg opphald i Norge, men som jobba som vikarar for Plog. Viste opplyser at 25 er vikarar i Plog, men at dei siste fire er totalt ukjende for han.

Mannen som arbeidde på Oslo-restauranten som Plog-vikar var ikkje mellom dei 29 i tiltalen, så han kunne få nye oppdrag, seier Viste.

Vikar jobbar for Plog

– Han er tilsett i Plog som vikar, stadfestar Arne Viste: – Og han er ikkje tiltalt i saka mot restauranten for å ha gjort noko ulovleg.

– Kva med dei vikarane som var ein del av tiltalen, er dei framleis i jobb for Plog?

– Nei, dei er permitterte.

Viste meiner at såkalla ureturnerbare har rett til å arbeide så lenge dei oppheld seg i Norge. Han meiner det strir mot både Grunnloven og menneskerettane å nekte folk å jobbe.

Arne Viste skal vitne i rettssaka mot Oslo-restauranten.

 

LES MEIR

• Høyesterett avviser Arne Vistes anke

• Arne Viste dømt til eitt års fengsel på vilkår, men må ut med 2,9 millionar i bot og inndraging