Nyheter

Arne Viste dømt til eitt års fengsel på vilkår, men må ut med 2,9 millionar i bot og inndraging

Han er dømt for å ha tilsett asylsøkjarar utan lovleg opphald i Norge. Retten avviser at Grunnloven har betydning for Vistes sak. Vikarfirmaet hans, Plog, må betale ei bot på 1,5 millionar og får 1,4 millionar inndratt.

– Me treng litt tid før me kan kommentere dommen, no skal me lese han før me kan seie meir, fortel advokat Christian Henrik Prahl Reusch, Arne Vistes forsvarar, til Vårt Land.

Reusch vil difor ikkje seie noko om dommen vil bli anka. Når Viste får dommen forkynt i morgon, har han 14 dagar på seg til å avgjere ankespørsmålet.

– Har du gjeve Viste noko råd om han bør innstille drifta av Plog, i og med at tingretten dømmer han til eitt års fengsel på vilkår med to års prøvetid?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere, seier Reusch.

På ein pressekonferanse i IMI-kirken i Stavanger seier Arne Viste at «dette er ei sak som handler om noko større enn meg».

– Dette handlar om situasjonen for fleire tusen menneske som lever i Norge. Når eg les dommen er det ikkje oppsider  for dei det gjeld, og det gjer at eg er skuffa over at me i tingretten ikkje har oppnådd noko når trass alt Grunnloven og menneskerettssloven er såpass tydelege og konkrete. 

• LES INTERVJU MED VISTE: – Grunnloven sier at alle ­arbeidsdyktige mennesker skal ha mulighet til arbeid

Dommen avfeiar Vistes grunnlovsargument

Vikarfirmaet Viste driv, Plog, blir dømt til å betale ei bot på 1,5 millionar kroner, men Viste sjølv blir frifunnen for det personlege  inndragingskravet.

Plog blir dømt til inndragning av 1,4 millionar kroner.

I rettssaka i tingretten fortalde Viste at han etterlever paragraf 110 i Grunnloven: «De statlige styresmaktene skal legge til rette for at ethvert arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt eller næringsvirksomheten sin. Den som ikke selv kan forsørge seg, har rett til stønad fra det offentlige». Difor ønskte han å bruke straffesaka til å vise at Grunnloven står over utlendingsloven.

I dommen blir dette avfeid:

«Etter rettens syn innebærer denne lovformuleringen ingen individuell rett til å få et arbeid, men er en viktig formålserklæring for statens forpliktelser.»

«Rettens konklusjon er at Grunnloven § 110 ikke er til hinder for at norske myndigheter kan nekte utledninger, uten lovlig opphold i Norge, å ta arbeid i landet.»

Les ein større gjennomgang av korleis Oslo tingrett avviser Vistes Grunnlovs-tolking her.

• LES MEIR: Biskop-leia organisasjon har fått 1,5 millionar kroner frå Vistes firma

Forsvarar ba om frifinning eller mild straff

For to veker sidan blei straffesaka avslutta i Oslo tingrett. Påtalemakta la ned påstand om eitt års fengsel på vilkår for Viste og inndraging av 3 millionar kroner. Aktor meinte at Plog skulle ha ei bot på 1,5 millionar kroner og måtte tåle ei inndraging på 10 millionar.

Vistes forsvarar ba om full frifinning – eller sekundært mildast mogelege straff.

Arne Viste var tiltalt for «forsettlig eller grovt uaktsomt å ha gjort bruk av en utlendings arbeidskraft når utlendingen ikke har nødvendig tillatelse etter loven».

Har samla inn 150.000 kroner til rettssakfond

Viste varsla allereie før straffesaka i tingretten starta, at han ser for seg å anke dommen heilt til Høgsterett, for han ønskjer ei prinsipiell avklaring av Grunnloven versus utlendingsloven.

Viste og kona er aktive i IMI-kirken i Stavanger, og kyrkjelyden har samla inn pengar til Vistes rettssaker:

– Det har vore kjempeviktig for oss å stå så tett me kan med Arne i den kampen han kjempar, sa Egil Elling Ellingsen, pastor i IMI-kirken, til Vårt Land etter at runden i tingretten var over.

Gjennom kollekt har kyrkjelyden i Stavanger samla inn nær 150.000 kroner som dei har plassert i eit fond til Viste.

LES MEIR: 

• Arne Viste møtt med jubel av menigheten – nå går han i kloster

Lutherske organisasjoner støtter Viste – har ansatt asylsøkere uten lovlig opphold

Arne Viste: Eg krev at ingen gøymer seg for politiet

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter