Nyheter

Paven: – Mafiaen er ikkje kristne

Pave Frans heidra presten som blei myrda av mafiaen. – Dei som tilhøyrer mafiaen, lever ikkje eit kristent liv.

Overhovudet for nær 1,2 milliardar katolikkar er ikkje nådig med dei som har valt å leve på feil sida av loven; den italienske mafiaen.

– Endre dykk. Slutt å tenkje på dykk sjølve og pengane dykkar, konverter, oppmoda pave Frans i ei utandørsmesse laurdag i den sicilianske byen Palermo.

Paven la ingenting mellom i oppgjeret med Italias kriminelle organisasjonar:

– Ein kan ikkje både tru på Gud og tilhøyre mafiaen, sa Frans til om lag 80.000 tilhøyrarar, som hadde samla seg nær hamna i Palermo.

I Italia er det ikkje uvanleg at mafialeiarar og mafiamedlemmer er framståande medlemmer i lokale kyrkjelydar.

LES MEIR: Pave Frans til åtak på mafiaen

Fire store

Landet har fire store mafiaorganisasjonar, som langt på veg deler landet mellom seg:

Cosa nostra på Sicilia.

Camorra – eller napolitansk mafia, der kjerneområdet er det midtre Italia.

'Ndrangheta eller kalabrisk mafia, der kjerneområdet er det sørlege Italia.

Sacra Corona Unita eller Den heilage sameinte krone, der kjerneområdet er austkysten av det sørlege Italia.

Heidra martyr

I Palermo var paven nådelaus mot desse kriminelle grupperingane:

– Dei som tilhøyrer mafiaen, lever ikkje eit kristent liv. Dei lever blasfemiske liv, sa Frans.

Preika i den mafiaherja storbyen Palermo var til ære for Giuseppe «Pino» Puglisi, som blei skoten og drepen av mafiaen for akkurat 25 år sidan. Puglisi engasjerte seg sterkt i kampen mot mafiaens herjingar i Palermo. Han prøvde å berge fattige ungdommar frå organisert kriminalitet, og med det utfordra han mafiaens kontroll over ein av Palermos mest utsette bydelar.

Puglisi blei skoten den dagen han fylte 56 år. Drapet var ein del av ein særs blodig offensiv mafiaen organiserte mot staten på byrjinga av 1990-talet. Året før hadde mafiajegerane Giovanni Falcone og Paolo Borsellino blitt drepne i bombeåtak.

I etterkant av drapet blei Giuseppe «Pino» Puglisi gjort til martyr i Den katolske kyrkja.

Pavelege fotspor

Pave Frans går i fotspora til pave Johannes Paul II når han tek eit sviande oppgjer med mafiaen i Italia generelt og på Sicilia spesielt. Våren for 25 år sidan kom Johannes Paul II til øya i sør og ba dei kriminelle nettverka om gje avkall på livet på feil side av lova. Samstundes oppmoda han sicilianarane til å gjere opprør mot mafiaen.

To månader seinare svarte mafiamedlemmer paven. Dei gjekk til åtak på to katolske kyrkjer på Sicilia.

LES MEIR: Tett portrett av paven

Blei lemlesta

Ei avsløring frå i sommar viser kor brutalt mafiaen på Sicilia kan opptre. I august gjekk italiensk politi ut og fortalde korleis organiserte kriminelle knuste armar og bein på narkomane og alkoholikarar for så å krevje forsikringsoppgjer for skadane.

Rodolfo Ruperti, talsmann for politiet i Palermo, forklarte at sårbare personar var blitt rekrutterte på toget til Palermo. Dei fekk først sett sprøyter med bedøving i kroppen, så blei det ble brukt 25-kilos vekter til å knuse lemmene deira, alt for å simulere at dei hadde vore utsette for trafikkulukker.

I alt blei 11 personar, inkludert ein sjukepleiar som sette bedøvinga, arresterte i Palermo. Polititalsmannen seier personane som blei rekrutterte, trudde dei ville bli rike, berre dei blei litt lemlesta.

Men storparten av forsikringspengane gjekk til kriminelle organisasjonar.

Fekk infarkt

Etterforskinga starta i fjor då politiet oppdaga at ein tunisiar, som ein trudde hadde mista livet i ei trafikkulukke, eigentleg døde av hjarteinfarkt fordi han var blitt lemlesta.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter