Ni kister blir spadde ned på den enorme gravlunden nordaust i Bosnia-Herzegovina. Ni menn er pusla saman gjennom eit krevjande detektivarbeid. Ni menn får tilbake identiteten dei blei drepne for.

Laurdag kom Sead Hasanović, Alija Suljić, Hasan Pezić, Hasib Hasanović, Zuhdija Avdagić, Bajro 
Salihović, Ibrahim Zukanović, Salko Ibisević og Kemal Musić fram til siste kvilestad. Omsider. Alle blei drepne for eit kvart hundreår sidan, fordi dei 
var muslimar.

Over deira graver står det ein høg, kvit og slank gravstein, som er karakteristisk for Bosnia-
Herzegovinas muslimar. På 
minnelunden står det heile 6.600 slike. Alle har gravert same månad og år. Juli 1995. Alle er reist over menn.

Srebrenica. Det grovaste brotsverket mot menneskelekta sidan andre verdskrig, seier FN og Jugoslavia-tribunalet, og brukar berre eitt ord: Folkemord.

Kvinna ber for ofra som ligg gravlagde på den enorme gravplassen utanfor byen Srebrenica. Han ligg i Republika Srpska, den eine av dei to entitetane i Bosnia-Hercegovina.

Kvinna ber for ofra som ligg gravlagde på den enorme gravplassen utanfor byen Srebrenica. Han ligg i Republika Srpska, den eine av dei to entitetane i Bosnia-Hercegovina. Foto: NTB scanpic

 

Dommar: «Me har sett scenar frå helvete»

I ti dagar blei vel 8.300 ektemenn, søner, brør, fedrar, bestefedrar, onklar, søskenbarn drepne. Berre gutar under 15 år blei sparde. I ti dagar i juli 1995 blei mennene slakta ned i skogane rundt Srebrenica, fylte med salvar av skot, gravlagd levande, dumpa i massegraver. Så spadde opp att, parterte for å hindre identifisering, og spreidde i nye massegraver. Framleis er mange ikkje blitt funne.

Om ugjeringane som fann stad for 25 år sidan, sa Fouad Riad, dommar ved FNs krigsforbrytardomstol for det tidlegare Jugoslavia, då han i 1995 tok ut tiltalen mot slaktaren frå Srebrenica, den serbiske 
generalen Ratko Mladic:

– Me har sett scenar frå helvete, skrive ned i dei mørkaste kapitla av historia til menneske-
slekta.

Nederland dømt til delvis ansvarleg

I fjor fall ein viktig dom. I Nederland. Høgsterett, landets øvste domstol, sa siste ord i ein langdryg rettsprosess:

Nederland er delvis ansvarleg for at 350 bosniske menn mista livet i Srebrenica. Mennene som hadde søkt vern hjå dei nederlandske FN-soldatane nord for Srebrenica, blei i juli 1995 overleverte til dei serbiske styrkane som kontrollerte området FN omtalte som «sikker sone».

Dei 350 gjekk rett i døden då kravet om utlevering blei effektuert.

Høgsterett kom også fram til at familiane har krav på erstatningar. Men berre ein sum som tilsvarer ti prosent av dei økonomiske tapa dei har lidd. Dommen grunngjev det med at mennene ville berre hatt ti prosent sjanse for å overleve dersom dei hadde fått bli på basen til den nederlandske FN-bataljonen.

Det var pårørandeorganisasjonen Mødrene frå Srebrenica som gjekk til søksmål mot den nederlandske staten. Dei meiner Nederland er ansvarleg for eit svik då FN-soldatane deira var passive tilskodarar til massakren. FN hadde ein fredsbevarande styrke i Bosnia-
Herzegovina i åra 1992-1995.

Då Srebrenica fall 11. juli 1995, søkte tusental bosniarar vern hjå den nederlandske FN-bataljonen som var stasjonert nord for byen. I fjor slo Nederlands høgsterett fast at landet er delvis ansvarleg for at 350 bosniske menn blei utleverte til serbiske styrkar – og den visse død.

Då Srebrenica fall 11. juli 1995, søkte tusental bosniarar vern hjå den nederlandske FN-bataljonen som var stasjonert nord for byen. I fjor slo Nederlands høgsterett fast at landet er delvis ansvarleg for at 350 bosniske menn blei utleverte til serbiske styrkar – og den visse død. Foto: NTB scanpix

 

Søkjer rettferd for myrda menn

I samband med 25-årsmarkeringa for folkemordet i Srebrenica, har Nederlands regjering oppnemnd ein kommisjon som skal meisle ut erstatningsordninga. Forsvarsminister Anna Bijleveld-Schouten og utanriksminister Stephanus Abraham Blok kunngjer i eit brev til parlamentet at ordninga skal kome på plass i haust, slik at pårørande kan få søkje om erstatningar.

– Kommisjonsmedlemmene har god kunnskap om lovverk, tvisteløysing og utanrikspolitikk, skriv dei to.

Då dommen fall i gjor, sa Kada Hotic, ei av Mødrene frå Srebrenica at «ein prosent eller ti prosent betyr ingenting»:

– Nederland er ansvarleg. Me bryr oss ikkje om pengar, me ville ha rettferd.

Difor fremma Mødrene frå Srebrenica, i januar, også ei sak mot Nederland inn for den Europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Statsminister gjekk av etter gransking

Srebrenica er eit vanskeleg kapittel i nederlandsk historie. Ei gransking konkluderte i 2002 med at regjeringa sende soldatane på eit «umogeleg oppdrag» – og at regjeringa burde ha takka nei til å verne Srebrenica. Koalisjonen til statsminister Wim Kok, som hadde styrt sidan 1994, braut dermed saman, og Kok gjekk av.

I fjor valde ei gruppe tidlegare nederlandske FN-soldatar å saksøkje staten for å ha blitt sendt på eit «umogeleg oppdrag».

– Det er framleis veldig vanskeleg å snakke om Srebrenica, fortel historikaren Marc van Berkel til Balkan Insight.

Van Berkel, som er forskar ved universitetet Hogeschool van Arnhem en Nijmegen, har nyleg lagt fram ein studie om korleis Srebrenica-massakren blir omtalt i lærebøker på ulike utdanningsnivå. Han fortel at den offentlege diskusjonen handlar mest om at tidlegare nederlandske FN-soldatar kjenner seg urettvist handsama.

– Dei kjenner seg også som ofre.

Dagen etter at Srebrenica fall i hendene på serbiske styrkar, møttest general Ratko Mladic (t.v.) og sjefen for den nederlandske FN-styrken, oberst Thom Karremans (midten), til forhandlingar. Mladic kravde «frie hender» utan innblanding frå nederlendarane. Karremanns ba FN om militær hjelp, men fekk ingen.

Dagen etter at Srebrenica fall i hendene på serbiske styrkar, møttest general Ratko Mladic (t.v.) og sjefen for den nederlandske FN-styrken, oberst Thom Karremans (midten), til forhandlingar. Mladic kravde «frie hender» utan innblanding frå nederlendarane. Karremanns ba FN om militær hjelp, men fekk ingen. Foto: NTB scanpix

 

Historielærarar manglar kunnskap

Studien avdekkjer at når Srebrenica blir omtalt i lærebøker i historie, er det som oftast perspektivet til FN-soldatane som var i Bosnia-Herzegovina som kjem fram - og at det var verdssamfunnet, og då særleg FN, som svikta, ikkje den nederlandske FN-bataljonen.

Forskaren har også intervjua studentar som skal bli historielærarar, og har nedslåande funn:

– Storparten av dei veit ingenting om Srebrenica.

Lærebokgranskinga viser at mennene og gutane som blei myrda i Srebrenica ofte blir klumpa saman til éi gruppe: Muslimane. Dermed, påpeikar Marc van Berkel, blir dei berre presenterte som offer, ikkje verkelege menneske som hadde liv, familiar, historie og kultur.

«Verdas største puslespel», er det kalla utgravinga av massegravene etter folkemordet i Srebrenica. Svært mange døde blei parterte og spreidde i mange massegraver for å gjere identifiseringa vanskeleg.
Foto: STATON R. WINTER

«Verdas største puslespel», er det kalla utgravinga av massegravene etter folkemordet i Srebrenica. Svært mange døde blei parterte og spreidde i massegraver for å gjere identifiseringa vanskeleg. 25 år seinare er framleis mange ofre ikkje funne. Foto: NTB scanpix

 

LES MEIR OM MASSAKREN I SREBRENICA

• Europas opne sår

• Folkemordbyen