Nyheter

Folkemordbyen

Srebrenica er blitt ordet for nedslakting og brutal død. Snart er det 20 år sidan folkemordet på 8.000 bosniarar.

Bilde 1 av 5

Den bosniske fotografen Tarik Samarah har reist jamleg til Srebrenica i dei 20 åra som har gått sidan serbiske styrkar samla saman bosniske menn og gutar nokre julidagar i 1995. Alle 8.000 blei slakta ned fordi dei var det dei var; bosniarar – og muslimar.

For å minnast folkemordet på tampen av krigen i Bosnia-Hercegovina har HL-Senteret i Oslo kjøpt inn ei utstilling av Samarah-fotografi.

– Srebrenica er framleis eit ope sår. Kvar 11. juli blir det framleis gravlagt nye identifiserte offer, fortel Guri Hjeltnes, direktør på HL-Senteret.

Kjem frå delt land

I går blei fotoutstillinga opna av Bosnia-Hercegovinas nyvalde statsminister som gjestar Norge.

– Korleis kunne det skje? Srebrenica må minne oss alle om at barbariet aldri må finne stad på nytt, oppmodar Denis Zvizdic.

I april blei han statsminister for ei regjering på ti medlemmer; tre serbiske, tre kroatiske og tre bosniske statsrådar pluss Zvizdic. Krangelen om maktdeling og kven som skulle sitje i regjeringa tok seks månader og viser det sterkt delte Bosnia-Hercegovina – ei deling bosniaren Denis Zvizdic ikkje snakkar høgt om.

– Srebrenica er ei sorg for alle i Bosnia, seier han.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Heidra offer

Blant serbarane i Bosnia-Hercegovina, som har sin eigen delstat, Republika Srpska, er mange sterkt usamde med Zvizdic i synet på Srebrenica. Ordet folkemord blir ikkje brukt.

Men i april fann det stad ei hending som varsla at presidenten i ententen – eller delstaten – Republika Srpska har fått eit litt endra syn på saka:

– Det er sant at det fann stad ei kriminell handling her, og eg beklagar alle ofra, sa Milorad Dodik då han overraskande gjesta gravlunden i Potocari der Srebrenica-ofra blir gravlagt, og la ned blomar på minnesmerket.

Dodik, som kjempar for å lausrive Republika Srpska frå Bosnia-Hercegovina, sa i mai at historia om Srebrenica ikkje er komplett utan at dei serbiske ofra er innlemma. Dodik vil ha ein internasjonal granskingskommisjon av det FN har slått fast er eit folkemord.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter