Nyheter

Leiter etter vald i heimen

Dei fleste kjem til eit familievernkontor for å snakke om andre ting enn vald. Per Øystein Steinsvåg utviklar metodar for å finne fram til det familien ikkje vil snakke om.

– Det er vanleg at eit par kjem til familievernet med ønskje om å få hjelp til kommunikasjonsproblem og å styrke forholdet. Så kan ein part seie, midt i samtalen, noko om ein heftig krangel. Då er det viktig at terapeuten veit og forstår at det bak ordet «heftig krangel» kan ligge forhold til skade for borna i familien, seier Per Øystein Steinsvåg, og forklarer korleis familieterapeutar skal gå fram for å avdekke valdsproblematikk.

Steinsvåg og fire kollegaer utgjer familievernet sitt spisskompetansemiljø på vald i nære relasjonar. Deira oppgåve er å sørgje for at alle dei 39 familievernkontora i landet har god nok kompetanse til å handtere valdsproblem.

LES MEIR: Barneombodet vil hjelpe farlege foreldre

Allianse

Situasjonen han fortel om er noko familievernet har satsa meir på dei siste åra. Terapeutane skal bli flinkare til å oppdage vald og finne ut korleis dei kan løyse problema.

– Terapeuten må i slike situasjonar klare å balansere mellom å halde på alliansen og tilliten hjå begge i paret, og samstundes ta på alvor det dei fortel om.

Dersom det viser seg at det er eit reelt valdsproblem, vil familievernkontoret kople på andre tenester. Det kan vere barnevern, stiftinga Alternativ til vald, eller psykiatri.

LES MEIR: Åtvarar mot obligatorisk foreldrekurs

Kartlegging

Familievernet møter nesten 60.000 familiar kvart år. I litt over 10 prosent av alle sakene har vald vore tema. Mykje tyder på at dette talet snart kan bli dobla.

– Vi gjer interne kartleggingar som er meir finmaska og kan gi meir reelle tal. Dei er ikkje klare enno, men ein førebels tendens vi ser er at vald er tema i om lag 20 prosent av sakene, seier Steinsvåg.

Han presiserer at det ikkje betyr at vald i familiar er dobla, men at familievernet i år lager statistikk på ein ny måte. I 1 av 3 av sakene der vald er tema, har familien oppsøkt hjelp til eit valdsproblem. Dei resterande to tredelane av saker med vald, er saker der vald har blitt avdekt under samtalane.

Det er vanskeleg å seie om sakene i familievernet er representative for heile folket. Ifølgje Nasjonal omfangsundersøking for vald frå 2014, har om lag 17 prosent, både kvinner og menn, opplyst at dei har blitt utsett for vald frå samlivspartner.

Ikkje redde

– No jobbar de meir målretta for å avdekke vald i familiar. Har familievernet tidlegare vore redde for å stille ubehagelege spørsmål om vald?

– Redd er ikkje riktig ord. Fagutvikling på vald har vore ein stor del av familievernet dei siste 20 åra. Det nye er at vi arbeider meir målretta for at alle terapeutane som arbeider i familievernet skal bli tryggare i møte med valdsproblematikk, seier Steinsvåg.

Før det var ikkje familievern offentleg slik som i dag. Då var familievern meir fragmentert, og drive av ulike stiftingar og religiøse organisasjonar. Difor var det opp til kvart enkelt familievernkontor kva område det var viktigast å satse på.

Foreldrekurs

Tidlegare i juni sa avtroppande barneombod Anne Lindboe til Vårt Land at eit viktig tiltak for å hindre vald i familiar, er å innføre obligatoriske foreldrekurs på kommunale helsestasjonar.

Steinsvåg meiner det er eit sterkt verkemiddel å gjere noko obligatorisk, og at det kan skape litt motstand mot helsestasjonane sitt arbeid.

– Eit godt og vedvarande forhold til helsestasjonane, helsesøstertenesta og medisinsk oppfølging over tid, vil vere viktigare for å fange opp familiar som har vanskar og treng ekstra innsats, seier han.

Han trur derimot at eit frivillig tilbod på helsestasjonane er noko mange foreldre vil vere glade for å få.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter