Nyhet

6. desember fyller Finland 100 år: Hyvää syntymäpäivää! – eller: Gratulerer med dagen!

Varsinais-Suomi, eller Eigentlege Finland, var eit landskap som blei innlemma i Sverige av svenske kong Erik i 1154. Seinare blei det finske lydriket utvida med Tavastland og storparten av Karelen.

I 1808 tapte Sverige Finland til Russland i finskekrigen, og landet vest for tsarens rike blei det autonome storfyrstedømmet Finland.

Første verdskrig og den russiske revolusjonen gav finnane fridom og sjølvstende. I tumultane som følgde av at revolusjonen fødde Sovjetunionen, såg eit nytt nordisk land dagens lys 6. desember 1917. Finland.