Retten til sjølvbestemt abort er eit stridstema fleire stader i Europa. I Polen sa nasjonalforsamlinga i vinter nei til eit forslag om å lette på landets abortlov, som er ein av Europas strengaste. I Irland sa folket i vår ja, i ei folkerøysting, til at landets kvinner skal få retten til sjølvbestemt abort.

I Norge blir abortendringar eit tema når KrF startar regjeringsforhandlingane over nyttår.

LES MEIR: Nord-irsk kvinne kan få fem år i fengsel for abortpillekjøp 

Fengsel

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane, som har vore ein sjølvstyrt del av Danmark sidan 1948. Sjølvstyret har sikra øygruppa Nordens strengaste abortlov. Då Danmark avkriminaliserte abort i 1973, og innførte sjølvbestemt abort fram til veke 12, avviste færøyingane å gjere det same. Dei meinte abortlova frå 1956 var det dei trong.

Denne seier at kvinner berre kan få innvilga abort av to legar om det er fare for liv og helse, om ho har blitt valdteken eller utsett for incest, eller på grunn av psykiske eller sosiale problem. Legar som gjennomfører abortar som ikkje er lovlege risikerer inntil to års fengsel.

Skam

Mot denne loven kjempar Hervør Pálsdóttir. Ho leiar ungdomspartiet Unga Tjóðveldinum (Den unge republikken) og er ein av initiativtakarane bak kampanjen Frítt Val – fyri fríari abort.

– Det er så mykje skam knytt til det, og det er skam om ein ikkje føler skam over å ha tatt ein abort. Me arbeider for at folk skal forstå at det er ok å ta ein abort og at ein skal våga å snakka om det. Det er betre å snakka om det reint psykologisk, seier Pálsdóttir.

Kristendom

Offentleg statistikk opplyser at ein stad mellom 20 og 40 abortar blir utførte på Færøyane årleg.

– Det er få, men det er òg mange unge kvinner som bur i Danmark for å studere, seier Pálsdóttir.

Ifølgje danske helsestyresmakter reiser fleire færøyske kvinner til Danmark for å få gjennomført abortar. Pálsdóttir opplyser at dei fleste som tek abort på Færøyane, er kvinner i 30-40-åra som allereie har fleire barn og ikkje ønskjer fleire.

Ungdomspolitikaren forklarar den sterke abortmotstanden med sterk kristendom; kyrkjesamfunn og organisasjonar slår ring rundt dagens abortlov.

LES MEIR: Varsler regjeringskrav om abort

Ansvar

Fram til i sommar var det Folketinget i København som hadde ansvaret for rettsområdet som regulerer abort, men no har sjølvstyreforsamlinga Løgtingid overteke ansvaret. Det betyr at førøyske politikarar kan vedta ein langt meir liberal abortlov sjølve.

Det trur Hervør Pálsdóttir i Frítt Val – fyri fríari abort ligg langt fram i tid.

Kjelder: Sosialurin.fo, Framtida.no, Kristeligt Dagblad, Sveriges Radio