Nyheter

Følgjesveinar er tilbake

Kyrkjelege følgjesveinar er tilbake på jobb i Hebron.

Då TIPH måtte reise frå Hebron i januar, valde Verdskyrkjerådet (KV) å trekkje ut det internasjonale korpset av følgjesveinar som dei hadde i visse delar av byen. Bakgrunnen var manglande tryggleik for følgjesveinane.

LES MEIR: Norske kyrkjeleiarar ber Noreg presse Israel til å verne palestinarar

Ba om støtte

EAPPI (Ecumenical Accompaniment Programme in Palestine and Israel) blei skipa i 2002 då kyrkjene i Jerusalem ba om støtte etter den andre intifadaen. I Norge står Kirkens Nødhjelp (KN), Mellomkyrkjeleg råd, Norges Kristne Råd og KFUK-KFUM Global bak programmet. KN har det overordna koordineringsansvaret.

– Akkurat no er fire nordmenn ute for EAPPI. Ein av dei er i Hebron, fortel EAPPI-koordinator Julie Neslein i KN.

Følgjesveinane er utplasserte i utvalde byar på Vestbreidda og i Jerusalem. Der følgjer dei palestinarar og israelarar som med fredelege midlar arbeider mot den israelske okkupasjonen. I arbeidet blir det lagt særleg vekt på å sikre tilgong til land, arbeid og skule, og redusere vald og trakassering av sivile.

LES OGSÅ: Lærere i Hebron mer utrygge etter at TIPH måtte ut

Rapporterer trakassering

– No har me valt å la følgjesveinane vende tilbake til Hebron. Tilhøva for palestinarane går frå vondt til verre; til stabilt dårlegare. Difor er det viktig å ha EAPPI der for å rapportere om auka trakassering, både psykisk og fysisk, seier Neslein i KN.

Ho fortel at følgjesveinane blir nekta å følgje palestinske barn til skulen inn i den delen av Hebron der det bur flest busetjarar.

– Korleis vil du skilder tilhøva i Hebron?

– Anspent, svært anspent.

Sidan oppstarten i 2002 har 1.600 kvinner og menn vore ute for EAPPI i Israel og Palestina.

LES OGSÅ: UD: Uakseptable israelske påstander om Hebron

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter