Det blei klart i PFU-møtet tysdag.

Peder Jensen, òg kjend som «Fjordman», reagerte kraftig på Vårt Land-leiaren med tittel «Det finnes grenser for dialog». Artikkelen stod på trykk 3. februar.

Jensen klaga Vårt Land inn til Pressens Faglige Utvalg (PFU). I klagen skreiv Jensen at han meinte Vårt Land sa «mer eller mindre rett ut at mine ord er skyld i drap».

– Meiner media ikkje skal ha same fridom

Jensen meinte Vårt Land hadde brote punkt 1.5, 4.1 og 4.14 i Ver Varsam-plakaten. Punkta omhandlar høvesvis vern av enkeltmenneske, sakleg innhald og presentasjon, og samtidig imøtegåing av sterke skuldingar.

Sekretariatet i PFU hadde innstilt på at Vårt Land ikkje hadde brote god presseskikk. I utvalet var det ingen argument mot innstillinga. Utvalsmedlem Liv Ekeberg gjorde seg klare tankar då ho leste sakspapira.

– Peder Jensen, også kjend som «Fjordman», har gjennom ei årrekkje nytt godt av den ytringsfridomen vi har her i landet, til å dele ut karakteristikkar og påstandar i hytt og vêr, om hudfarge, opphav og religion. Men sjølv meiner han openbert at media ikkje skal ha same fridom til å karakterisere meiningane hans. Det synest eg er eit paradoks, sa Ekeberg.

«Ord kan drepe»

I leiaren slår Vårt Land fast at Jensen er utan juridisk skuld i terrorangrepa 22. juli 2011, men skriv vidare at skriveria til Jensen var viktig politisk ammunisjon for Anders Behring Breivik.

«Ord kan drepe, og store deler av Breiviks manifest var hentet rett fra Jensens ekstreme ytringer», stod det i leiaren.

I PFU-behandlinga slo medlem Frode Hansen fast at PFU vurderer alle klagarar likt, uavhengig av om klagar tidlegare har ytra seg kritisk i det offentlege rom.

Problematiserer ordbruk, men er balansert

Både Hansen og Ekeberg meinte vidare at Vårt Land ikkje hadde sett fram klare skuldingar av faktisk art.

– Etter å ha lese leiaren fleire gonger, kan eg ikkje finne grunnlag for at han direkte er hekta på oppfordringar til drap. Det er ein leiar som problematiserer at ord er sterke og kan brukast av andre til å oppfordre til det, sa Ekeberg.

Ho meinte Vårt Land hadde balansert på ein god måte, og viste vidare til at massedrapsmannen 22. juli hadde brukt sitat frå Jensen, på om lag kvar tjuande side i sitt eige manifest.

– Så det er ikkje tatt ut av lufta at inspirasjonen er betydeleg, sa Ekeberg.

Etter ein kort runde med innspel var det eit samstemt utval som kom til at Vårt Land ikkje hadde brote god presseskikk.

 

LES MEIR:

Vårt Land: Fjordman er ett av de sterkeste eksempler i moderne tid på at ord kan lede til drap

«Fjordman» vil nekte muslimar tilgang til Europa