Ytre høgre knyter band over grensene
EKSTREMISME: Eit norsk mikroparti låner triks frå stort tysk parti frå ytre høgre. Men det er lite sjanse for at tankegodset får fotfeste i Noreg, seier ekspertar.
SUVENIR: Deltakarane får buttons, caps og ein fiktiv flybillett under Norgesdemokratenes konferanse om sokalla remigrasjon.
Sindre Deschington
Ute skin sola, men stemninga er tett inne på eit konferansehotell ved Gardermoen. Nestleiar i Norgesdemokratene Øyvind Eikrem står på talarstolen og peiker ut ei open dør.
– Me vil ikkje ha nokon konfrontasjonar. Om det kjem demonstrantar, ikkje gå ut. Lat politiet handtera dette.
Dagen før hadde partiet eit grundig førehandsannonsert besøk på Grønland i Oslo. Der kom rundt tusen demonstrantar og stansa omvisinga av ein tysk ytre høgre-politikar i den innvandrartette bydelen.
Bestill abonnement her
KJØP