Nyheter

– Debatten om rasisme blir kuppa av folk utan skoa på

Når ein avfeiar opplevingane til ­minoritetar, blir diskusjonen om diskriminering vanskeleg, meiner professor. No håpar fleire at den pågåande rørsla rydder opp i ein umyndiggjerande diskusjon

Då politiet drap George Floyd i Minneapolis i USA, utløyste det eit nytt opprør mot rasisme. Men samtidig som folkemengder verda over har løfta Black Lives Matter-plakatar dei siste vekene, har òg ein kamp om verkelegheita tatt seg opp igjen. Folk stridest om rasisme eigentleg finst.

– Den debatten har i stor grad fått bli definert av den sida som ikkje kjenner desse problema på kroppen sjølv. I andre samanhengar har me prøvd å lære oss å lytte til offeret, og at dei har ei gyldig historie. Nokre gonger virker det som det ikkje gjeld i spørsmål om rasisme, seier litteraturprofessor Frode Helland ved Universitetet i Oslo 
(UiO).

I haust ga han ut boka Rasismens retorikk – studier i norsk offentlighet fordi han var uroa for tonen i det offentlege ordskiftet. Helland la merke til at skildringane av minoritetar i mange tilfelle var nedsetjande. Han såg kor lett folk kom unna med å avvise diskrimineringa mange meiner å oppleve.

– Det er ein illevarslande tendens at når nokon med minoritetsbakgrunn snakkar om sine eigne opplevingar med rasisme, blir dei avfeid som ikkje-eksisterande, seier professoren.

LES ÒG: Afroamerikanere drepes oftere, er fattigere, og mangler helseforsikring og sykelønn

 

Tekstutdraga i artikkelen er sitat frå elevar på vidaregåande i 2015 og 2016. Dei blei spurde: «Kva vil det seie å vere norsk?». Institutt for fredsforskning (PRIO) samla inn tankane til studien «Norskhet i flertall».

Ein kamp om kva som er sant

«Tynnhuda», «paranoid» og «overfølsam» er eksempel på ord som ofte blir brukt mot dei som snakkar ut om rasismen dei opplever, påpeiker Helland. Fokuset på problemet blir flytta – frå utfordringa offeret vil varsle om, tilbake til dei sjølv.

– Det betyr at nokre erfaringar i det norske samfunnet ikkje er gyldige. Det er urovekkande at når ein diskuterer rasisme, så blir det ein kamp om kven som eig kva som er sant, seier Helland.

Han understreker at dette handlar om rasistisk retorikk, ikkje om rasistar. Det stempelet har han ikkje føresetnadar for å gi folk.

– Men når me snakkar om rasistiske ytringar, tar mange det personleg. Viss det blir fornærmande for folk som kjem med rasistiske ytringar å snakke om rasisme, blir diskusjonen øydelagd, og me kjem ikkje vidare, seier han.

Grunnane til at dette er så betent, har røter tilbake til andre verdskrig, meiner Helland. Då tok rasismen form i tydelege teoriar. Etter Holocaust, borgarrettsrørsler og apartheid, har det blitt vanskeleg å snakke om rasisme. Assosiasjonane går fort til nazisme, noko dei fleste vil ta avstand frå.

– Det øydelegg moglegheita til å snakke om diskriminering og rasisme på ein ordentleg måte. For å kome vidare må me i det minste ta opplevingane til dei med skoa på på alvor. Berre slik kan me lukkast som fleirkulturelt samfunn i framtida, og forhalde oss til kvarandre utan stereotypiar og fordommar, seier Helland.

LES ÒG: Redaktør Bjørn Kristoffer Bore om det kompliserte «r-ordet»

– Rasisme er eit vanskeleg ord

Me har ei oppfatning av at «det er typisk norsk å vere god», også her, meiner rådgivar Lemma Desta i Norges kristne råd.

– Derfor tar me ikkje kritikken til oss, for me nordmenn «er jo ikkje rasistar», seier Desta.

Han synest at orda rasist og rasisme er vanskelege å bruke. Når ubevisst, sleivete ordbruk kjem i same kategori som framandhat eller systematisk tilsitesetjing, blir det komplisert. Men uansett kva ein kallar det, har han sett seg lei på at opplevingar med diskriminering blir avfeid.

– Enormt mange fortel no historier om det dei erfarer. Folk med desse opplevingane treng å bli spurde og lytta til. Så må det vere åpent for at ein kan ha oppfatta ting feil – men rommet for at folk fortel må vere der, seier Desta.

– Eg skulle ønske folk var litt meir villige til å ta innover seg at sjølv om me er gode i det store biletet, er det kanskje nokre ubehagelege sanningar me omsider må tørre å ta innover oss, seier rådgivaren.

LES INNLEGGET HANS: «Jeg håper ingen flere må dø for at vi skal kunne snakke åpent om rasisme»

 

Kven er «ein av oss»?

I fjor forska Marta Bivand Erdal ved Institutt for fredsforskning (PRIO) på unge vaksne si erfaring med diskriminering i Noreg. Der viste det seg at fleire opplevde forskjellsbehandling i møte med politiet.

– Men der kor diskrimineringa kom tydelegast fram, var frå framande på gata. Denne erfaringa av lågskala-diskriminering er mykje meir problematisk, seier Bivand Erdal.

Denne kjensla var sterkare hos barn av innvandrarar enn for dei som har innvandra sjølv.

– Som innvandrar forventar du ikkje på same måte å bli tatt som «ein av oss» i landet du kjem til. Men er du oppvaksen her, har statsborgarskap, og nasjonen som ein del av identiteten din, er opplevinga av å ikkje få lov til å definere deg som norsk, problematisk, seier ho.

– Ja, må gjere tiltak mot diskriminering i offentlegheita, men eg trur den aller største jobben står att i kvardagen. Det handlar om kva me som medborgarar gjer, eller ikkje gjer, seier PRIO-forskaren.

Ho ber oss sjå for oss ein busstur kor nokon får ein rasistisk merknad etter seg. Erdal håpar me framover blir bevisste på at me då kan gå bort og seie til den berørte at: «Det der var 
ugreitt. Går det bra med deg?».

 

Hudfarge litt, men...

I ulike forskingsprosjekt har Bivand Erdal funne ut at førsteinntrykk basert på hudfarge er med på å plassere folk i ein kategoriar av norsk eller ikkje-norsk. Men viss du snakkar med mennesket med ein annan utsjånad enn deg sjølv, trumfar det ofte førsteinntrykket som «framand».

– Snarare enn å late som om me er fargeblinde, må me heller erkjenne det og snakke om korleis me forheld oss til det. Å late som om dette ikkje finst har ikkje fungert så bra så langt, meiner ho.

PRIO-forskaren håpar me kan sjå på kvarandre som samansette menneske, med identitetar med avtrykk frå ulike opplevingar og bakgrunnar. Nokon har ei bestmor frå Sogn, andre ein onkel som er adoptert frå Sør-Korea og enkelte med ei mor frå Etiopia.

– Me må slutte å tenke at mangfald er nytt i Noreg. Det er over 50 år sidan dei første innvandra hit frå Pakistan. No må me ikkje lenger unnskylde oss med at me framleis held på å lære. No må me fikse, seier ho.

LES MEIR OM RØRSLA:

Une Bratberg: – Konspirasjonsteorier forstyrrer og legger seg som et røykteppe over sannheten

MDGs Une Bastholm utfordret statsministeren om «rasistisk motivert politivold». Svaret er på to bokstaver

Arne Borge: – Plutselig var vi alle rasister

Donald Trump kaller Antifa terrorister, men vil ikke kalle Ku Klux Klan det samme

---

Fakta:

  • Dette har kome fram i forskinga dei siste åra:
  • • Sjansane for å bli kalla inn til intervju eller får jobb minkar viss det er tydeleg at du har minoritetsbakgrunn, sjølv med rette kvalifikasjonar (Fafo 2018 og 2016)
  • • Fire av fem meiner innvandrarar opplever diskriminering i Noreg (Integreringsbarometeret 2020)
  • • To av fem nordmenn meiner at det skjer diskriminering i kontakt med politiet (Integreringsbarometeret 2020).

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter