Ei kvinne frå Djibouti blei i 2015 dømt til seks månader i fengsel utan vilkår for falsk forklaring. Ho søkte asyl i Norge under dekke av å vere frå Somalia.
– Grove saker blir meldt til politiet, forklarar assisterande kommunikasjonsdirektør Håkon Fenstad i UDI.
Falsk
Kvinna anka dommen frå Oslo tingrett, men no er anka heva fordi lagmannsretten ikkje har lukkast å innkalle henne til ankeforhandling innan tidsfristen gjekk ut.
Saka handla om tilbakekalling av permanent opphaldsløyve. Domstolen seier kvinna opplyste å vere frå Somalia då ho først fekk mellombels vern, reisedokument og arbeidsløyve, og sidan permanent opphaldsløyve.
Då kvinne søkte norsk statsborgarskap i 2015 kalla Utlendingsdirektoratet (UDI) tilbake alle tidlegare gjevne løyver fordi det blei avdekt at ho hadde gjeve falske opplysningar om sin identitet, og i røynda var frå Djibouti. Tingretten seier ho gav falsk forklaring.
Borgarar frå Djibouti får i hovudsak avslag på asylsøknaden i Norge.
LES MEIR: 41 somaliarar mista flyktningstatus
Juks
Sommaren 2015 sende Justisdepartementet ein instruks til UDI der dei kravde skjerpa reaksjonar mot personar som har fått vern i Norge under falsk identitet. Før instruksen blei sendt hadde UDI gjort departementet merksam på at direktoratet handsama saker der asylsøkjarar hadde fått opphald under falsk identitet.
Dei fem siste åra, 2013-2017, har UDI avslørt fleire juksarar, opplyser direktoratet til Vårt Land. Dei er frå Djibouti, men gav opp Somalia som heimland då dei søkte asyl i Norge:
«(...) det finnes 28 ulike personer som har registrert statsborgerskap både i Somalia og Djibouti – på ulike tidspunkt – og som har ett eller flere tilbakekallsvedtak i UDI, inkludert tilbakekall av statsborgerskap», skriv assisterande kommunikasjonsdirektør Håkon Fenstad i ein e-post til Vårt Land.
Å bli avslørt som juksar betyr ikkje automatisk heimsending. 2015-instruksen seier at ein kan få vern i Norge i inntil eitt år «når særlige grunner tilsier det».
Feil
Karin Andersen (SV), leiar i Stortingets kommunalkomité, er kritisk til ressursbruken. Ho hentar fram eit fersk sitat frå statsminister Erna Solberg (H) når ho kommenterer jakta på dei som ikkje fortalde kva land dei eigentleg kom frå då dei søkte asyl i Norge:
– Alle kan gjere feil.