Nyheter

41 somaliarar mista flyktningstatus

UDI har konkludert med at 41 somaliarar ikkje treng opphald i Norge, dei kan trygt reise tilbake til hovudstaden Mogadishu. Her herjar sjølvmordsbombarar.

FNs flyktningkonvensjonen har ein klausul som opnar for at flyktningstatus kan opphøyre, men denne klausulen er lite brukt i land som gjev flyktningar vern.

Men Solberg-regjeringa, med det Frp-styrte Justisdepartementet i front, vil finne dei som ikkje lenger treng vern i Norge fordi det er blitt varig betre i heimlandet – og dei som ikkje skal ha vern i landet fordi dei har juksa med identiteten (sjå eiga sak).

Somalia

I den første gruppa opplyser UDI til Vårt Land at om lag 1.400 saker frå Somalia er til vurdering:

I 41 saker er det fatta «vedtak om opphør av flyktningstatus og oppholdstillatelse».

I 22 saker er det fatta vedtak om «ikke-tilbakekall».

Rundt 200 saker er lagt vekk.

Skilnaden på «ikke-tilbakekall» og «henlagt» handlar om varsling. I sakene der opphøyr ikkje er aktuelt fattar UDI vedtak om «ikke-tilbakekall» om personen er blitt varsla på førehand.

Utover dei mange sakene som gjeld somaliarar, har UDI også avgjort seks saker som involverer personar frå Sri Lanka. To er lagt vekk og i fire saker er det gjort vedtak om ikkje-tilbakekall.

Avtale

2016-instruksen frå Justisdepartementet (sjå faktaboks) er tufta på ein avtale i Stortinget mellom Høgre, Framstegspartiet, KrF, Venstre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet frå november 2015, og gjeld for utlendingar som har fått mellombels opphaldsløyve som flyktning:

«Dersom grunnlaget for midlertidig beskyttelse kan ha falt bort som følge av politiske, sosiale eller humanitære forbedringer i hjemlandet, kan utlendingsmyndighetene uten ugrunnet opphold starte med tilbakekalling av oppholdstillatelsen til de som fikk opphold på slikt grunnlag.»

Motiv

– Dette er heilt feil ressursbruk. Først ber regjeringa flyktningane å bli integrerte, så ombestemmer ein seg og seier flyktningane må reise heim fordi det skal ha blitt tryggare der, seier Karin Andersen (SV), leiar i Stortingets kommunalkomité. Ho seier regjeringas politikk berre har eit motiv:

– Dette er skremmepolitikk.

Andersen og SV meiner dei som har fått opphald i Norge skal få lov til å bli, sjølv om tilhøva blir stabilt betre i heimlanda.

LES MEIR: Avslørt for asyljuks 

Vern

Bakgrunnen for det snart tre år gamle asylforliket i Stortinget var den sterke tilstrøyminga til Norge hausten 2015. I instruksen som dåverande innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) sende UDI året etter, poengterte departementet at «Verken FNs flyktningkonvensjon eller Norges øvrige, folkerettslige forpliktelser gir en utlending krav på internasjonal beskyttelse dersom behovet faller bort og utlendingen kan returnere til sitt hjemland og leve trygt der, uten fare for forfølgelse eller andre alvorlige overgrep».

Skal-regel

Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) er sterkt kritisk til denne politikken. I Rikets tilstand på asylfeltet 2017 – den årlege statusrapporten - seier NOAS at departementet har pålagt UDI å praktiserer ein skal-regel, og ikkje ein kan-regel: «Forvaltningen får ikke mulighet til å vurdere om hensyn som taler mot å trekke tilbake flyktningstatus veier tyngre enn hensyn som taler for.»

Konsekvensane er dramatiske, meiner NOAS: «De som ikke oppfyller vilkårene for permanent opphold, kan leve i konstant usikkerhet for om de vil bli sendt tilbake til hjemlandet – også etter mange års opphold i Norge.»

Terror

UDI opplyser til Vårt Land at «Sakene vi har behandlet er i hovedsak personer fra Mogadishu».

Somalias hovudstad, som blir vurdert til å vere trygg, er i sommar blitt herja av sjølvmordbombarar. I tre aksjonar i juli og august mista minst 30 personar livet i og utanfor Mogadishu.

I ein fersk rapport skriv Landinfo at «Medlemmer av ikke-dominerende klaner og grupper er potensielt mer sårbare for kriminalitet, inkludert i møtet med myndighetsstyrker, men det foreligger ingen informasjon som tilsier at disse systematisk utsettes for vold i Mogadishu i dag».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter