Sjukmeldt dansk KD-partileiar måtte be om orsak for abortkommentar. Svensk KD-politikar har konsekvent stemt ned abortforslag i EU-parlamentet.

I Danmark stemnar Kristendemokraterne (KD) mot eit godt resultat ved folketingsvalet i Danmark den 5. juni. For første gong på 14 år ligg partiet over sperregrensa på to prosent.

I Sverige kjem Kristdemokraterna (KD) til å gjere ein brakval ved valet til nytt EU-parlament, som blir avslutta sundag. KD får ein oppslutning på opp mot 12 prosent i Sverige.

Men i begge land strevar KrFs søsterparti med bråk.

LES MEIR: Dansk KrF over sperregrensa

Ba om orsak

I Danmark provoserte KDs sjukmeldte partileiar Stig Grenov svært mange då han via Twitter kringkasta følgjande melding:

– Det verkar som alle kvinner må ha hatt ein abort for å vere moderne og frigjorte, skreiv han.

Reaksjonane var sterke. I sosiale medier fekk Stig Grenovs utspel hard medfart - og torsdag ba han om orsak for at han formulerte seg «for skarpt» på Twitter.

– Det var ikkje tilsikta, det var ein del av ein større samanheng, og eg skreiv i frustrasjon, forklarar han i Kristeligt Dagblad. Grenov mange danske veljarar misoppfattar KDs abortstandpunkt. I 2018 tok partiet eit nytt standpunkt, det vil ikkje avskaffe retten til sjølvbestemt abort.

Fungerande KD-leiar ber også om orsak for Grenovs abortkommentar:

– Det var sjølvsagt dumt, seier Isabella Arendt og vedgår at feil kan kome i ein valkamp.

Mot abort

I Sverige avslører Dagens Nyheter at Lars Adaktusson, Kristdemokraternas (KD) utanrikspolitiske talsmann, stemte heile 22 gonger mot abort medan han var folkevalt til Europaparlamentet i åra 2014-2018. I dag er Adaktusson folkevalt i Riksdagen for KD.

I Europaparlamentet stemte han mot kvinners abortrett, både i Europa og globalt, visar kartlegginga til Dagens Nyheter. Totalt har KD-toppen røysta i 28 abortsaker. Fire gonger sa han ja og to gonger røysta han ikkje.

Til samanlikning røysta dei andre svenske partia i EU-parlamentet ja i alle dei 28 sakene.

LES MEIR: Svenske KD får kritikk - nærmer seg Sverigedemokraterna

Hard kritikk

Adaktusson møter hard kritikk for røystinga. Miljöpartiets EU-toppkandidat, tidlegare kulturminister Alice Bah Kuhnke, refsa KD-politikaren på eigen Instragram-konto:

– KD driv eit strategisk, systematisk og målretta arbeid mot kvinners sjølvråderett over eigne kroppar, i Sverige og i EU.

KD var lenge ein del av den fire parti store borgarlege alliansen i Sverige. Men partileiarane i både Centerpartiet, Annie Lööf , og Folkpartiet liberalerna, Jan Björklund, kritiserer Adaktusson hardt.

Ordskiftet i Sverige fekk Kristdemokraternas partileiar, Ebba Busch Thor, til å gå ut på Instragram med ei oppklaring:

– Kristdemokraterna står bak retten til abort i Sverige, og har gjort det i årtier.

Sjølvkritikk

I ein freistnad på å dempe kritikken greip også Lars Adaktusson til sosiale medier. På eiga Facebookside tek han sjølvkritikk:

– Sette i ettertid burde eg til dømes ha avstått frå å røyste framfor å røyste mot. Men min intensjon har vore å stå opp for politikken til partiet, slik eg tolkar han i kvar einskilde situasjon.