For første gong på 14 år ligg KrFs danske søsterparti over sperregrensa, som er på 2,0 prosent. Partileiarvikar Isabella Arendt i KD blir i danske medier samanlikna med Ebba Busch Thor, leiaren i svenske KD, som løfta partiet ved valet i 2017 og som no har stor suksess med høge meiningsmålingstal.

Kontrasten til norske KrF er svært stor. Her slit KrF langt under sperregrensa.

Tok pause

I det valet på nytt Folketing blei kunngjort midt i mai måtte KDs partileiar Stig Grenov kaste inn handkleet. Han måtte ta ein pause på fire veker grunna det partiet i ei kunngjering omtalar som «stressymptom».

Inn som vikar kom nestleiar Isabella Arendt, ein 26 år gammal statsvitskapsstudent.

LES MEIR: Historiske dårleg tal for KrF

Auka oppslutning

Ei fersk meiningsmåling Voxmeter har gjort for nyhendebyrået Ritzau viser at Kristendemokraterne (KD) har vind i segla. I Danmark ligg sperregrensa på 2,0 prosent, og lenge har KD lege langt unna dette nivået.

No viser målinga at KD har ei oppslutning på 2,2 prosent. Sist veke viste Voxmeter-målinga ei oppslutning på 1,7 prosent. Ved folketingsvalet i 2015 fekk KD berre 0,8 prosent av røystene.

Måndagens måling ville gjeve KD fire mandat i Folketinget.

- Me blir ikkje lenger rekna som eit protestparti, men som eit meir breitt parti, som har politikk på alle hyller, seier Arendt til Ritzau.

Fertilitetshjelp

I intervju og partileiardebattar frontar Arendt ein tydeleg familiepolitikk; det skal vere grenser for statens innblanding, det er familiane sjølve som veit best korleis familielivet skal organiserast.

Arendt seier også at ikkje alle par skal ha rett til å få offentleg hjelp til å få barn dersom dei strevar:

- Me meiner at staten skal hjelpe heteroseksuelle par. Me vil setje ei grense for kva det offentlege skal finansiere, og ho blir sett her, seier Arendt.

Dermed nektar KD offentleg fertilitetshjelp til homofile og lesbiske par. Men Arendt legg til at dette ikkje er ei kampsak for partiet om dei kjem inn i Folketinget den 5. juni.

Protestparti

Kristendemokraterne heitte fram til 2003 Kristeligt Folkeparti. Partiet blei skipa i 1970 som ein reaksjon mot folketingsvedtak om fri abort og lovleg porno.

Kristeligt Folkeparti kom inn i Folketinget i 1973 med sju mandat, og sat i nasjonalforsamlinga fram til 1994 - og i regjering frå 1982 til juni 1988, i den såkalla firkløverregjeringa. Merkesaker er familiepolitikk, miljøpolitikk, etiske spørsmål og abort.

LES MEIR: KrF glemte alkoholkamp

Under sperregrensa

Kristendemokraterne var ikkje representert i Folketinget i åra 1994–1998, og partiet kom igjen under sperregrensa ved valet i 2005, og dei seinare vala.

Rett nok hadde danske KD ein representant frå 2010 til 2011 grunna at eit folketingsmedlem melde overgang til KD frå Det Konservative Folkeparti.