Bob Dylans ustanselege versjonar
Kven kan som Dylan radbrekke og gjenskape sine eigne klassiske låtar?
Det er framleis meiningsfylt å høyre Bob Dylan på konsert, skriv vår meldar. Det var fotoforbod i Oslo Spektrum. Her spelar Dylan på Grammy Awards i Los Angeles tidlegare i år.
Scanpix
For ein god månad sidan fylte Robert Allen Zimmerman 70 år. Mannen som i eit halvt hundreår har vore kjend som Bob Dylan, turnerer framleis like hyppig med sin Never Ending Tour – rundt hundre konsertar i året. I Noreg har han vore mange gonger, sist for to år sidan. Denne veka hadde den nyslåtte 70-åringen konsert både på Koengen i Bergen og i Oslo Spektrum. Eg høyrde han i Spektrum. Verka han matlei? Nei, på ingen måte. Men Dylan fjeskar ikkje med publikum. Han køyrer sitt eige løp.
LES OGSÅ: Jeg er troende
Noko av det som kjenneteiknar ein Dylan-konsert, er at det er vanskeleg å vite på førehand kva slags låtar han kjem til å spele. Ein del låtar har vore faste i det siste, så som ekstranummera «Like A Rolling Stone» og «All Along The Watchtower». Som aller siste låt har han variert mellom «Forever Young» og ultraklassikaren «Blowin' In The Wind». Elles kan det i prinsippet dukke opp kva som helst frå Dylans ekstremt store produksjon. Dette er noko av det som gjer det spennande å høyre Dylan år etter år – han tilbyr alltid noko nytt.