Redd for å tvile

Som lita kjempa Maria Solheim for trua si. Etter 25 år hadde ho ingen draumar att.

Publisert Sist oppdatert

– Kjære Gud, kva er meininga med livet?
Maria Solheim sit åleine, med gitaren i fanget, i kjellarstova til mamma og pappa. Ho tenker: Det må jo vere lov å spørje.
Ved sidan av henne ligg ein bibel. Ho tek den i hendene, lukkar auga og blar opp på ei tilfeldig side: Paulus' brev til Efesarane 2,10.
– Der sto det: Vi er skapt i Jesus Kristus til gode gjerningar, som Gud allereie har lagt framfor oss for at vi skal vandre i dei. Og eg tenkte: Himmel og hav!
Maria Wildén sit på kjøkkenet i det gamle huset ho og familien bur i, i Nesbygda utanfor Drammen. Mannen, som ho tok namnet til etter dei gifta seg, fiksar gitarar på verkstaden i kjellaren. Det durar i veggane.
– Det kan ha vore tilfeldig, seier ho om bønesvaret ho fekk som 18-åring.
– Men eg fann ei ro i det, i at det fanst ein veg der allereie som eg ikkje trengde å stresse med. Eg fekk ei kjensle av at eg kunne utgjere ein forskjell.

Eit kall

Som 19-åring debuterte Maria Solheim med plata Barefoot. «Et ungt, friskt og kanskje først og fremst sterkt pust i norsk pop og rock», skreiv meldaren i Adresseavisa den gongen. Sidan har ho gitt ut fire album til, og bidrege til ein rekke andre. 16. mars kjem ei ny plate, det er fleire år sidan sist.
Ho flytta til Oslo året før platedebuten. Dei neste sju åra gjekk det i eitt: Ho reiste til Moskva, til Washington, trass ein valdsam flyskrekk.
– Kvar gong eg sette meg på eit fly tenkte eg: Eg skal døy for musikken, seier ho med dramatisk stemme.
Ho dreg opp ermane på den grå genseren og fleire tatoveringar kjem til syne på venstre arm. På baksida av handleddet står det: Han er min sang og min glede.
– Det er frå ein gammal pinsesong eg vaks opp med. Eg ville at den skulle vere med meg, plassert slik at eg kunne sjå den når eg spelte på gitaren, fortel ho.
Ho heldt mange konsertar, song i dåpen til Ingrid Alexandra, og besøkte fengsel for å synge om håp. Frå barnsbein av hadde ho kjend seg spesiell og følt at musikken var eit slags kall.
– Eg hadde noko spesielt som eg skulle gi til folket, seier ho med dramatisk stemme og ler av sitt tidlegare sjølv.
– Eg levde i mitt eige hovud i stor grad, og eg hugsar at eg ofte tenkte at eg sto utanfor livet, at eg levde i ei slags boble. Det var så viktig for meg å ha klare svar, å ikkje leie folk på avveg. Det kokte litt, rett og slett.
I 2006 sa det stopp. Ho la vekk gitaren, byrja gå til psykolog og studerte litteraturvitskap. Det tok seks år før ho ga ut plate igjen.
Ho skildrar det som eit opprør. Ikkje mot trua, men mot seg sjølv. Mot at ho skulle ha ein sånn valdsam verdi, at det skulle bety så mykje kva ho gjorde.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS