Mykje på spel
Kari Veiteberg blir aldri ferdig med å spørje kva det vil seie å følgje Jesus i dag. For tida lurer ho på kvifor Jesus blei kjeppjaga frå Nasaret.
– Det hadde eg faktisk gløymt. Men han blei kjeppjaga. Det er jo vanvittig, seier ho.
I morgon er dagen då ho tek på seg kappa og nytt ansvar når ho blir vigsla til biskop i Oslo.
Veiteberg er inne i den siste veka som bymisjonsprest då vi møter henne. Stabsmøtet er akkurat avslutta. Ho har på seg ein grå kjole med svarte prikkar, vinraude skolettar og neglelakk som står i stil, og minner ein augneblink om Pippi.
Bestill abonnement her
KJØP