Hovudskallane i kyrkjekunsten – kvar vart det av dei?

DAUDEN: Å snubla over ein hovudskalle i kyrkja no og då kan hjelpa oss med å vera audmjuke og snakka sant om slutten av livet – og vona om det som kjem etterpå.

KUNST: «Hovudskallane har hatt ei ganske lang tradisjon i den kristne verda», skriv innsendaren. På biletet: Hovudskalle i San Vitale-kyrkja i Chiasso i Sveits.
Publisert Sist oppdatert

I Noreg assosierer me gjerne hovudskallar med ròte av kroppen og slutten av livet. Men i kyrkjekunsten er biletet meir nyansert enn som so.

Eit skjelett i svart kutte står i ei mørk kyrkje, der berre bleikt sollys skin gjennom dei gotiske vindauga. I handa held det ei fele, som beinrangelet stryk over, medan det ser lengtande opp mot himmelen. Jamvel veggane og de romanske vindauga ser ut til å reisa seg, saman med skjelettet, opp i mot den høge kvelvinga.

Slik ser albumcoveret til eit album av det norske metallprosjektet «Grave Declaration». Her speler bandet songar som lovar Gud med intens song og raske tromme- og gitarriff. Heile dette albumet er som eit skrik frå barokken, der dauden var nær og himmelriket var målet. Albumet heiter When Dying Souls Scream Praise.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP