Barneombodet kritiserer Regjeringas forslag til statsbudsjett og meiner at regjeringa sviktar Noregs mange fattige barn. Barneombodet har ei fri rolle og skal fremme barns interesser i samfunnet og følgje med på utviklinga i barns oppvekstkår.
Eg er glad for at vi har eit barneombod som tek dette ansvaret på alvor. Likevel må eg imøtegå ein del av påstandane kring kva regjeringa prioriterer på barne- og familiefeltet.
Barnetrygda
Det er ikkje rett at regjeringa ikkje gjer noko med barnetrygda. Auka barnetrygd er blant dei største prioriteringane i neste års budsjett, med ein historisk auke på 2,4 mrd. kroner. Det er like mykje pengar som ein brukar for å styrke politiet, til samanlikning.
Dei tre siste åra har regjeringa saman med SV blitt einige om eit løft for barnetrygda, med ein heilårseffekt på over 8 mrd. kroner.
Barnetrygda for barn over 6 år er auka med nesten 8 000 kroner og barnetrygda for einslege forsørgjarar er styrkt med 5 000 kroner i året.
Vi har endra lova slik at barnetrygda alltid skal haldast utanfor utmåling av sosialhjelp. Det har vore viktig for barn og familiar som treng barnetrygda aller mest. Eg kan forstå at Barneombodet også etterlyser ei prisjustering for neste år. Men å seie at regjeringa ikkje gjer noko med barnetrygda er misvisande.
Barnehage og SFO
Det er ikkje uviktig, i ei tid der dei fleste barn går i barnehage og mange deltar i SFO, kva prisen er på desse viktige velferdstenestene. For regjeringa har det vore sentralt å senke prisen på barnehage for alle, og gjere barnehage for 3. barn gratis. Slik at økonomi ikkje skal vere ein barriere for bruk og at utgiftene til barnefamiliar kan reduserast.
Det betyr mykje i ei tid med auka kostnadar generelt. Saman med gratis deltidsplass i SFO, vil dette bety mykje for økonomien til barnefamiliar, i tillegg til auken i barnetrygd.
Bustøtte, inkluderingstilskot og områdesatsingar
Tiltak for fattige barnefamiliar skjer på fleire felt. Bustøtta er styrkt, og ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge er auka med 231 mill. kroner i denne regjeringsperioden.
Heile ordninga er no på 758 mill. kroner. Vi har òg styrkt områdesatsingane i levekårsutsette område gjennom ti nye avtalar. Sosialhjelpssatsane er også auka dei siste åra.
Utjamning
Barn i Noreg startar ikkje likt.
Derfor har regjeringa ein politikk for å jamne ut forskjellar og som bidrar til å gi barn like moglegheiter uavhengig av inntekta til foreldra. Ved å prioritere omfordeling gjennom skattesystemet, ei satsing på barnetrygda og dei universelle tenestene gjer regjeringa ord til handling for å jamna ut forskjellar.
I 2025 vil regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om politikken framover for å jamne ut forskjellar i samfunnet og motverke at fattigdom går i arv.