Verdidebatt

Gud kallar seg «all verdas Gud»

KORANEN: Det er ikkje sant at Gud i Koranen ber muslimar om å vere harde og sterke mot ikkje-muslimar. Tvert imot! Gud i Koranen er inkluderande, både i livet og når det gjeld religionsfridom.

Først og fremst vil eg minne om at forståingshorisonten er utvida når ein er roleg, når ein les ting i kontekst og når ein legg vekk fordommar.

Slik Pål Georg Nyhagen påpeiker i sitt svar til Dag Elgvin, er Allah eit arabisk ord som betyr Gud. I islam, kristendommen og jødedommen, er trua på ein gud og trua på dommedagen felles. I tillegg ser vi at dei viktigaste reglane som oppsummerer dei viktigaste pliktane og forboda, dei 10 boda i kristendommen og jødedommen og boda i Koranen (6:151-153) er ganske like. Desse er felles reglar som skal gjelde universelt. Med desse ser ein at det er ein og same Gud og at det er Gud til fred, kjærleik og rettferd. Det er derfor Gud kallar seg «all verdas gud» og ikkje «muslimars Gud».

Khadija Nezar Owdah

Menneskets valg

I tillegg seier Gud i Koranen at han er same gud som i kristendommen og i jødedommen. Gud i Koranen framstillar ikkje seg sjølv som ein ny Gud, og heller ikkje som ein ny religion, men ei fortsetting av det som blei openberra før, i Bibelen og i Toraen og ei fullføring av Guds religion. Koranen er i tillegg inkluderande og universell.

At Gud er kjærleg betyr ikkje at kjærleik inkluderer aggressorane og angripane. Viss Gud likar dei aggressorane, vil denne kjærleiken motsette seg faktumet om at det er guden til fred og kjærleik! At Gud likar dei som gjer godt, dei som utøvar rettferd, gjer at Gud er kjærleg og fredeleg. Pluss at Gud har opna for alle menneske dører til omvending. Det er menneskets valg.

Ein inkluderande Gud

Kafir blir ofte omsett til vantru. Mange vil tru at det betyr dei som ikkje trur på Gud, men det er ikkje sant. I Koranen er kafir eit omgrep som viser til ein som nektar sanninga og vender seg bort frå ho, etter at han visste at det var sanninga, men nekta på grunn av arroganse og staheit.

Viss ein leser versene i sin kontekst så ser ein det klart

Det er ikkje sant at Gud i Koranen ber muslimar om å vere harde og sterke mot ikkje-muslimar. Tvert imot! Gud i Koranen er inkluderande, både i livet når det gjeld religionsfridom og på dommedagen når det gjelder paradiset, der paradiset ikkje berre er for dei som trur på Koranen. Rettferd skal gjelde alle som ikkje overstreder og angripar, uansett religion: «Gud forbyr dere ikke å vise godhet og rettferd mot dem som ikke har kjempet mot dere om levemåten og heller ikke drev dere ut av deres hjem. Sannelig, Gud elsker dem som utøver rettferdighet» (60:8).

Versane som Elgvin tok fram frå Koranen om dette er vers som handlar om aggressorar, angripare og overtredere

Les versa i kontekst

Gud ba dei som trudde på Koranen om å behandle jøder og kristne på ein god måte: «Og (dere troende!), ikke diskuter med skriftens folk på noen annen måte enn den som er svært god, unntatt med dem som har vært urettferdige blant dem. Og si: «Vi har antatt troen på den (skriften) som ble åpenbart for oss, og den som ble åpenbart for dere, og vår Gud og deres Gud er én, og vi er Ham alene underkastet.» (29:46).

Versa som Elgvin tok fram frå Koranen er vers som handlar om aggressorar, angripare og overtredere. Viss ein les versene i sin kontekst så ser ein det klart.

At ikkje alle kristne trur på treenigheten, som Jehovas vitnar, er eit eksempel på at gudsforestillingane varierer også innan ein og same religion. Dette motsett seg ikkje tanken om at det er ein og same Gud.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verdidebatt