Å sage av greina ein sit på
KYRKJEØKONOMI: Når Den norske kyrkja slit med økonomien, er det ikkje i den lokale kyrkjelyden at det burde skjerast ned på utgiftene. Det er i dei sentrala organa.
PREST: I distriktet mitt står folkekyrkja sterkast og prestetenesta er difor viktig, skriv innsendaren.
Gorm Kallestad
Det er ikkje så greitt med økonomien til rettssubjektet Den norske kyrkja (RDNK). Det brukast for mykje og midla rekk ikkje til. Det er ikkje overraskande for oss som har leia lokalt kyrkjeleg arbeid ei stund og har arbeidd med avgrensa kommunale rammer over tid. Det viktigaste må prioriterast i budsjett- og planarbeidet.
Det er om lag 350 tilsette inkludert prost, knytt til oppgåveløysing av rettssubjektet DNK sine mange og ulike oppgåver, sentralt og regionalt. Det er om lag 1200 kyrkjelydsprestar. Det er svært mykje som administrerast sentralt og regionalt, som eigentleg ikkje har så mykje med kyrkjelyden si daglege verksemd å gjere.
RDNK har òg utgifter som tilskot til kyrkjeval, tilskot til diverse kyrkjeparti som medlemmane i lokalkyrkja har svært avgrensa kjennskap til, utgifter til gjennomføring av kyrkjemøte og utgifter til ymist anna.
Bestill abonnement her
KJØP