Verdidebatt

Eg passar ikkje inn på bedehuset

AVSTAND: Eg er ikkje stoverein i bedehusmiljøet heime. Før var toleransen større, men no er det sterkt høgrevridde sorteringsnormer som gjeld.

Frå Jakobskirken i Oslo såg me gravferda til kunstnar og visesongar Ole Paus. Paus sleit med å vera stoverein, spesielt i kristne forsamlingar.

Bjørn Haavardsholm

Dei som vil vera stovereine må alltid innordne seg normene til den gruppa som dei vil ta del i. Det kan ta lang tid, i alle høve for dei som kjem utafrå. Terskelen er forskjellig alle plassar, frå det mest høgre-konservative bedehusmiljøet, slik eg opplever det her heime, til eit meir liberalt kyrkjemiljø. Kva politisk og ideologisk haldning den einskilde har, tykkjest også å vera viktig når ein skal delta i bedehusmiljøet. For å bli akseptert må me vera på trygg og tillitsfull talefot med dei andre som er der. Det er ikkje nok berre å ha gode meiningar og argument.

Sjølv bur eg i ei jordbruksbygd i Vindafjord i Nord-Rogaland. For min del er eg ikkje stoverein i bedehusmiljøet heime. Tidlegare har eg delteke der, og også leia møter, men eg held meg borte nå. Før var toleransen større. Nå er det derimot sterkt høgrevridde sorteringsnormer som gjeld, der toleransen er mindre. Eg har høyrd, dels via omvegar, at sidan eg er sosialist så passar eg ikkje inn i gjengen. Ved å stemme Ap slik eg gjer, så er eg ikkje ein av dei.

Inga drøfting

Historisk kom bedehusa som del av haugerørsla. Tanken var at det skulle vera lokale treffstader både til kristent arbeid, næringsarbeid og bygdefellesskap, dels som motvekt til den konservative kyrkja på 1800-talet. I dag er det blitt omvendt. Bedehusa her i bygda er blitt meir borgarlege og høgreorienterte, mens Den norske kyrkja er folkekyrkje med større toleranse for alle, også for skeive.

Eg har høyrd at sidan eg er sosialist så passar eg ikkje inn i gjengen. Ved å stemme Ap slik eg gjer, så er eg ikkje ein av dei

På bedehusa heime så oppfordrar dei ungdommen til å koma. Men det er så godt som ingen yngre som kjem, i stor grad fordi dei som styrer held på fasttømra mønster med inviterte predikantar. Det er sjeldan ordet er fritt etter møtet, og i tilfelle høver det seg ikkje å ta opp kontroversielle ting, som jo livet er fullt av. Då eg var liten gut for 70 år sidan, så gjekk det godt an. Då var bedehusmøtet meir som møter på kyrkjebakken. På bedehusa nå er det heller ikkje spesielle kveldar til drøfting. Det synest eg me burde ha, kor me kan drøfta ting med utgangspunkt i Herren Jesus Kristus si lære. Eg synest ikkje det er nok med hallelujamøter, der ein les frå Jesu si lære om ikkje å bruke vald, for i neste augneblink å støtte valdsbruk i praksis, slik ytterliggående kristne gjer.

Toleranse og kjærleik

For min del er det greitt nok å halda meg borte frå bedehusmiljøa, men eg tykkjer det er leit at kristenmiljøa blir splitta på den måten. Dette med at Bibelen skal praktiserast og gjelde for nokon og ikkje likt for andre. Det kan ikkje vera rett for nokon, men spesielt for dei unge som kanskje meir enn andre treng tryggleik.

Herren Jesus Kristus bar ikkje sverd då han vart krossfesta. Derimot refsa han dei som prøvde å bruke sverd for å hindra at Jesus vart drepen. Sjølv bar han krossen sin og ikkje sverd. Biletkunstnar Håkon Bleken har skildra heile lidingshistoria til Jesus i 15 kollasjar kalla «Korsvegen», der den siste av dei har namnet «Oppstandelsen». Her er det lyset, med håp og med blømande tre som dominerer kunstverket: Trua på livet vidare med kommande frukt. Siger over døden. Ole Paus sa det slik: «Jeg er så heldig som ikke tror på døden.»

Kjernen i Jesus Kristus si lære er toleranse, fred lys og kjærleik, utan bruk av makt og trugslar. Det var så fint i gravferda til Ole Paus at alle borna hans sa det same om far sin: At alt det faren gjorde, var i kjærleik. Vidare at han alltid tiltalte andre som hans vener. Jesus sa også det den siste tida han levde: Eg kallar dykk vener for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt