Er «evangelium uten ord» mulig?

FORKYNNING: Somme land som i utgangspunktet forfølgjer kristne og andre religiøse minoritetar, ja også forbyr kristen påverknad i det heile, tillet i bestemte høve likevel nærver av kristen bistandsinnsats, vel vitande om bakgrunnen for deira innsats

MISJON: — Det er ikkje alt som skjer av kristen verksemd i verda, inkludert det som går under nemninga norsk misjon, det verken vert snakka eller skrive like mykje om, skriv Kjartan Myklebust.
Publisert Sist oppdatert

Eg greier ikkje å sjå for meg at Åste Dokka tek så inn i hampen feil i sin kommentar «Evangelium uten ord?» (VL 26.8.) som teksten hennar ser ut til å gi uttrykk for at ho gjer. Til det set eg hennar kommentarar og teologisk baserte ytringar gjennom mange år altfor høgt. Når så Kirsten Løvdal Bjune nokså skarpt imøtegår det som må oppfattast som hovudtanken til Dokka, synest eg berre synd på Bjune, som med rette må ytre seg mot Dokka som ho gjer (VL 11.9).

Eg les Åste Dokka som ein djerv forsvarar av Ordet, misjonsbefalinga og Paulus’ sterke poengtering av det nødvendige med forkynning av nettopp Ordet, Guds ord, som den kristne kyrkja sitt eineståande (men ikkje heilt det einaste) oppdrag. Dette synest eg ho ope har meddelt oss som les henne, som maktpåliggande for henne i mest all hennar skriving. Så kvifor kjem ho i den nemnde kommentaren – også etter mitt skjøn – så skeivt ut?

Misjon i det skjulte

Powered by Labrador CMS